— Det er ikkje fleire av dei salmonellaramma kjøtdeigane i butikkhyllene, men me ber likevel folk sjekka det dei har i kjøleskapet eller i fryseboksen, seier konsernsjef i Fatland, Leif Malvin Knutsen.
I ein rutinekontroll fekk dei indikasjonar på at det kunne vere salmonella i kjøtet.
— Etter vidare undersøkingar og prøver så vart det avdekka salmonellabakterie, og me har no kalla tilbake omlag 1,5 tonn med kjøtdeig frå Coop og Norgesgruppen, fortel konsernsjefen.
Kjøkenhygiene er viktig
Når kjøtdeig vert varmebehandla med ein temperatur over 70 grader, som ved steiking eller koking, så døyr vanlegvis salmonellabakterien.
— Det som kan gjera at folk kan få salmonellaprobleme er rett og slett kjøkenhygiene. Eit døme kan vere om ein tar ein kniv og skjer i salmonellasmitta kjøtdeig, for så å bruke same kniven når ein skjer i ein salat eller anna som ikkje skal varmebehandlast, fortel Leif Malvin Knutsen, som meiner at det er viktig å ha god kjøkenhygiene.
Kostbart
Tilbaketrekkinga av så mykje kjøtdeig er ein kostbar prosess, som set merker i økonomien.
— Heldigvis skjer det ikkje så ofte, seier han.
Konsernsjef Knutsen er likevel glad for at det var eigne interne rutinar som oppdaga salmonellabakterien.
— Ja, det er trygt å vite at me har gode rutinar hjå oss, seier han og legg til at dei som skulle ha salmonellakjøtdeigen heime, kan byta den i butikken.