Briskeby spela på Fugl Fønix-festival for halvanna år sidan, og denne gongen hadde dei sjølv bedt om å få spela i Etne på turneen sin. Fredag var dei tilbake på scena på Fugl Fønix. Til stor glede for Etne-publikummet.
Etter den siste cd-en, Jumping On Cars, er Briskeby igjen oppe på høgdene etter gjennombrotet med albumet Jeans For Onassis i 2000. Fredag trykka Etne-publikummet Briskeby til sitt bryst.
Bredt publikum
Konserten fredag viser at Briskeby fenger eit bredt publikum. Frå 18-åringar til 50-åringar hadde møtt opp. Dei omlag 150 tilhøyrarane fekk eit sjeldant intimt møte med Karlsnes & co.
— Definisjonen på ein intimscene må vere dette. De må ha meg unnskyldt dersom eg spyttar på dykk i løpet av kvelden, sa vokalist Lise Karlsnes til publikum.
Heilt frå opningsmelodien Miss You Like Crazy var stemninga god, men då den gamle herlegheiten Berlin blei spela, steig stemninga endå nokre hakk. Også hiten frå den siste cd-en, Joe Dalessandro, gjorde stor suksess blant publikum og viser at det er dei fartsfylte låtane som er Briskeby si sterke side. Langbeinte Karlsnes rocka for fullt, og publikum let seg riva med. Karlsnes viste energi og utstråling til tusen.
Prikken over i-en
Med Propaganda, Berlin og Wide Awake er Briskeby heilt klart på sitt beste. Etter å ha avslutta med Propaganda, spurte Karlsnes:
— Orkar de ein låt til? Får me lov til å komma tilbake?
Publikum var ikkje vonde å be og stemte i med eit rungande jaaaa. Briskeby svarte med tre ekstranummer.
Prikken over i-en kom med Wide Awake og publikum song med. Nei, for det går berre ikkje an å gå heim frå konsert med Briskeby utan å ha fått Wide Awake. Min soleklare favoritt! Akkurat då var stemninga så god at eg skulle ynskja eg berre kunne trykka på repeat og ta konserten ein gong til. Så velkommen tilbake, Briskeby!
Siri Handeland