Dei nitten elvane har hatt symjeundervisning frå dei gjekk i første klasse. Det får dei nå betalt for og boltrar seg som fisken i vatnet.
Hatten av for Ølen skule og lærarane der som prioriterer symjeundervisning. Det er ingen løyndom at rektor Tor Kalleklev er ein dyktig symjar sjølv. Han veit sikkert meir enn dei fleste kor viktig det er å kjenna seg trygg i vatnet, og kor kjekt det er å kunna boltra seg både over og under vassflata.
Men det er diverre ikkje alle skuleelevar som får høve til å læra å symja på same måten som elevane i Ølen. Det er ei kjent sak at det eine symjebassenget etter det andre har tappa ut vatnet og stengt dørene her til lands. Også i vårt distrikt. Både i Etne og Ølen har bassenga vore stengde for kortare lengre periodar. Vindafjordhallen er den siste som har tappa ut vatnet. Men eit samrøystes kommunestyre løyvde på sist møte 330.000 kroner som skal brukast til å reparera flisene i bassenget. Målsetjinga er at symjehallen skal vera open frå 15. september og ut året.
Me får håpa at politikarane finn pengar til å ha både bassenget i Ølen og symjehallen i Vats open også utover årsskiftet når dei to kommunane blir slått saman.
Når me ser dei blide og stolte tredjeklassingane i Ølen, må det vera spesielt vanskeleg å nekta elevane den gleda det er å kunna symja. Det er misbruk av ressursane å la symjebassenga stå tome, medan det står kø av barn som vil hoppa i vatnet. Det gjeld i våre bygder, så vel som alle andre stader som har investert i fine og kostbare basseng. Det å læra barna å symja er ei god investering i framtida.