Inviterer til Popstjernå

Audition blir halden i Haugesund 6. juni, Sauda 7. juni og Vikedal 8. juni. Mellom […]

Audition blir halden i Haugesund 6. juni, Sauda 7. juni og Vikedal 8. juni. Mellom 20-30 går vidare til dei avsluttande finalane i Vikedal under Zportyfestivalen i midten av juli.
— Planen er at ti deltakarar går vidare til semifinalen, før vinnaren blir kåra blant dei fem beste som går vidare til familieshowet og avslutninga av Zportyfestivalen, seier Frank Abelseth i Zportyfestivalen.
Begge dei tidlegare vinnarane, Mari Vestbø og Anders Vaka, har markert seg i ettertid. Nyleg stod Vaka på scena under Kjøttfestivalen i Ølen.
— Det er nettopp dette eg vil med Popstjernå. At unge talent skal bli litt tryggare på seg sjølv til å søkja nye utfordringar, samtidig som lokale arrangørar kan få augo opp for kva talent me har i bygdene våre, og gi dei ein scene å spela på, seier Abelseth.
I løpet av dei to åra Popstjernå har blitt arrangert, har 100 personar deltatt. Abelseth er spent på om den gode oppslutnaden held fram også i år.