Etter imponerande spel på landslaget har Håvard Nordveit (16) frå Vats, fått invitasjon om treningsopphald frå både Tottenham, Manchester United og Bordeaux.
— Det fristar ikkje med noko tur til Frankrike, eg har ikkje snøring når det gjeld fransk! Engelsk derimot skal eg klare, seier Håvard Nordtveit.
Han har ikkje bestemt seg for om han reiser til Tottenham eller Manchester United, men innrømmer at han har høyrt mykje freistande om Manchester-klubben av landslagskompisen Magnus Eikrem, som sjølv spelar der.
— Magnus et lunsj med Solskjær, Ronaldo og Rooney kvar dag, og eg må innrømme at det høyres ganske spennande ut, seier han.
Jordnær og audmjuk
— Har du noko favorittlag i England?
— Nei, det einaste laget eg heiar på er FKH. Eg har ingen utanlandske favorittar, svarar han.
Sjølv om det er vanskeleg prøver Nordtveit så godt han kan å halde beina godt planta på jorda. Sjølv om han fokuserer mest på sesongavslutninga til FKH, innrømmer han at det ikkje er like enkelt å halde hovudet kaldt når proffklubbane viser interesse.
— Eg er berre 16 år. Det er veldig motiverande å få ein slik invitasjon, men eg prøver så godt eg kan å halde beina god planta på jorda, seier han.
Har agent
Foreldra har også merka den store interessa rundt sonen.
— Mamma er ganske nervøs. Ho har begynt å frykta flytting til utlandet. Pappa sov ikkje natta etter at eg hadde fått invitasjonane. Han tok i mot alle telefonane tidlegare, men no har me hyrt inn Jim Solbakken som agent. Nå kan pappa konsentrera seg meir om den skikkelege jobben sin. Sjølv om det er litt mykje styr, trur eg dei er ganske stolte. Eg håpar i alle fall det, seier han.
Håvard har også fått mange kjekke tilbakemeldingar og gratulasjonar frå venner.
– Eg trur kanskje nokon er litt misunnelige, seier han og ler.
Spanande framtid
Sportsleg administrativ leiar i FKH, Nils Halvor Berge, gler seg over suksessen til Håvard Nordtveit.
— Han viste tydelegvis godt att på landslagsamlingane, og det er sjølvsagt kjekt. Men eg vil understreka at sjølv om han har fått desse invitasjonane er det ikkje snakk om å bytte klubb. Dette er berre ei veke med trening. Den blir heilt sikkert inspirerande og motiverande for Håvard. Svært mange av dei som spelar på landslaget får slike invitasjonar, så eg vil ikkje spekulere i om det kan føre til noko klubbytte, seier Nils Halvor Berge.
Den dyktige midtstopparen frå Vats har kontrakt med FKH ut 2009.
— Kva mål har du for framtida?
— Eg har ikkje noko spesielle mål, men tek ein dag om gongen og gjer så godt eg kan. No har eg full fokus på FKH, seier Håvard Nordtveit.
— Trur du at du kjem til å bli verande i FKH til kontrakten din går ut i 2009?
— Det veit eg ikkje. Framtida vil vise, seier han.