Mark McDonald kjem frå Tramore Co i Waterford, to timar utanfor Dublin, der han går på det dei kallar «secondary school», som tilsvarer ungdomsskulen i Noreg. Det er ein skule med om lag 600 studentar. På fritida likar Mark å ta bilete, og å behandla dei på datamaskinen. Han bestemte seg for å reise heilt til Etne i arbeidsveka fordi han kjenner familien til Rolf Øyjord, der han har vore to gongar før.
— Det var også vanskeleg å finne fotografar å jobbe hos i Irland, det var nesten ingen som ville ta inn elevar, seier Mark.
Vil bli fotograf
Hos Øyord Foto har han arbeidd med ulike oppgåver som å fotografera i studio, retusjera bilete, laga bilete og han har òg vitja media og kommunikasjonsklassen på Etne vidaregåande skule.
— Skulen her i Noreg er veldig annleis frå skulane i Irland, det er ikkje så strengt her, kan Mark fortelja.
Han fortel òg at han har lært mykje om korleis eit kamera fungerer, og korleis ein set opp eit studio. Når han blir vaksen ynskjer han å bli fotograf, og det forklarer nok kvifor han var villig til å reise så langt for å sjå korleis ein fotograf faktisk arbeider.
Vinterbilete
Mark sitt møte med Etne har vore ganske spanande og annleis på grunn av det kalde vinterveret. Han er ikkje vant med at det er så kaldt og så mykje is og snø. Han har fått prøva å gå på skøyter på isen, og likte det svært godt. I arbeidstida har han vore ute og tatt vinterbilete av naturen i Etne, og fått nokre flotte bilete av snø og is.
Rolf Øyord synest sjølv at det er veldig spanande å ha ein elev som kjem heilt frå Irland.
— Tidlegare har eg jo hatt elevar frå skulane her i distriktet, men det er jo litt ekstra spanande med ein elev frå Irland. Han fann ikkje nokon fotograf i Irland som tok inn elevar i arbeidsveka, så han ringde meg, og eg sa ja med ein gong.
Rolf og Mark kjenner kvarandre frå før fordi kona til Rolf kjem frå Irland, og ho er venninna til mor til Mark. Rolf fortel at Mark er veldig flink til å arbeida, spesielt innafor data og biletbehandling.
— Og det er bra å kunna om du skal bli fotograf, for mykje av det yrket føregår på datamaskin no for tida, seier Rolf.
Mark var utplassert hos Øyjord Foto i veke 10, og reiste heim sist søndag etter ei arbeidsveke langt borte frå heimen. På den veka fekk han i tillegg til opplæring i fotografi også kjennskap til miljøet og kulturen i Etne.