Ivrige løparar ved start

Ikkje alle hadde tolmod til å vente på startsignalet der dei trippa rundt i startområdet, […]

Ikkje alle hadde tolmod til å vente på startsignalet der dei trippa rundt i startområdet, og i iveren etter å starte var det ikkje like lett å skilje om det var kameraten eller startaren som sa klar – ferdig – gå!. Dermed blei det eit par tjuvstartar før dei endeleg kunne springe løypa som er ein runde rundt fotballbana og opp til bygdahuset, der alle fekk medalje og saft.

Hovudløpet
I år, som i fjor, var det løparar frå Stegaberg som tok dei to gjevaste plassane i hovudløpet. Kjetil Lothe vann med tida 31 min og 55 sek, noko som var seksten sekund dårlegare enn tida han hadde i fjor. Tor Arne Dommersnes tok andreplassen, medan Gerhard Steinnes frå Vindafjord kjempa seg inn til tredjeplassen.
Vinnaren Kjetil Lothe deltok i Haraldseidvågen Rundt for 12. gong og lika løypa godt.
— Ei fin, men hard løype, sa vinnaren.
Totalt var det 29 løparar på startstreken i hovudløpet, medan 49 deltok i turløpet som har den same løypetraseen som hovudløpet.

Arrangert 19 gonger
Det er 19. året på rad at IL Skjoldar arrangerer Haraldseidvågen Rundt på Kristi Himmelfartsdag, og fem av årets deltakarar har delteke i løpet i alle desse åra. Skjalg Duesund frå Klypetussen er den einaste som har vore med i hovudløpet i alle år, medan Elisabeth Haraldseid og Kjell Vik frå Skjoldar samt Terje Vannes og Ivar Krakk frå Vindafjord har vore med anten i hovudløpet eller i turløpet.