Tolvåringane Vidar Årvik, Mette Kristine Solheim, Werner Nygård og Jofrid Johannessen Vølstad har fått med seg at det er valkamp, der også skule er tema. Det er ikkje til å unngå med tv og informasjonssnuttar om valet.
Forslaget om gratis skulemat er også notert. Å innføre leksehjelp er derimot nytt for dei fire elevane. Dei har sansen for forslaga, men også si ei eiga liste for nye ting dei kunne tenkt seg ved skulestart det siste året dei er elevar ved Bjoa skule.
Varmt måltid
— Eg synst vi både kan få juice og skulemat. Gjerne pasta. Det har kome nokon og laga mat til oss og det var kjekt. Det kunne vi ha hatt fleire gonger i veka, seier Werner Nygård.
Han refererer til at helselaget i bygda steller i stand eit måltid mat på skulen ein gong i året. Dei kunne godt tenkt seg både eit varmt måltid og at det vart laga til brødmat på skulen.
— Vi blir leie av dei same brødskivene kvar dag. Det er kjekt med variasjon og få fersk mat, meiner Jofrid Johannessen Vølstad.
Ho ville ikkje brukt dei same pengane på andre ting.
— Det er sikkert dyrt, men det er nokre land som har det. England, veit eg, seier ho.
Har leksehjelp
Dei vil ikkje prioritere mellom leksehjelp og skulemat. Dei vil gjerne ha begge delar sidan gratis skulemat står øvst på lista. Og å få gjort leksene på skulen synst dei er ein god ting. Med utvida skuletid på grunn av skulebussen, har dei i praksis dette tilbodet på skulen.
— Vi har utvida skuletid nokre dagar i veka der vi gjer lekser og skulearbeid. Det hadde vi i fjor også, dei dagane vi er ferdige før skulebussen går, forklarer Vidar Årvik.
— Det er kjekkare å gjere leksene her. Då kan ein gjere det ein vil heime, gå på besøk og slikt, seier Mette Kristine Solheim.
Dei har alle saman brukt desse timane flittig fordi dei får ein fridag når dei har brukt 15 timar til lekser i utvida skuletid. Alternativet er å gjere andre ting, eller kome seg heim utan skulebuss. Men då blir det ingen fridag.
Dei fire har prioritert å gjere lekser, og dei synst det er greitt å få hjelp av ein lærar om dei treng det.
Aktivitet framfor teori
Dersom dei skulle bestemme dagsorden for kva dei gjerne ville hatt på skulen, er det fysisk aktivitet og betre tilrettelegging for aktivitet som står øvst på ønskelista. Fleire timar med matematikk eller fleire framandspråk, står ikkje fremst på prioriteringslista.
— Fleire gymtimar og meir svømming. Det er sjeldan vi har svømming, meiner Werner Nygård.
— Ballbinge har dei snakka om lenge, men det spørst om vi får det før vi byrjar på ungdomsskulen i Ølen. Det er mangel på pengar, seier Jofrid Johannessen Vølstad.
Men dei set pris på at dei har god plass ute med skuleplass, grusbane og grasbane i nærleiken. Det blir ganske mange kvadratmeter kvar for 40 elevar.
— Vi skulle vore litt fleire elevar, kanskje. Men det kan ein ikkje gjere noko med. Det er bygda som ikkje er større, seier Jofrid Johannessen Vølstad.
Dei fire er i grunnen ganske tilfredse med skulekvardagen. Men dei kunne godt tenkt skiljevegger og hyller på pulten, for å få meir arbeidsfred og ha bøkene tilgjengelege.
— Det står slike i kjellaren, men vi får ikkje bruke dei fordi det gjer det meir vanskeleg å vaske, seier Mette Kristin Solheim.
— Vi kan vaske sjølve, vi, foreslår Werner Nygård.