Ja til fred – nei til krig

Eitt argument som kjem fram er at soldatane trengst for å hjelpa lokalbefolkninga. Mellom anna […]

Eitt argument som kjem fram er at soldatane trengst for å hjelpa lokalbefolkninga. Mellom anna SV brukar dette argumentet. Men har det afghanske folk bede om soldathjelp? Nei, faktisk hadde dei aller fleste afghanarane klart seg mykje betre om USA og NATO aldri hadde gjeve dei soldathjelp og quislingregjering. Jobben til ein soldat er å knerta folk, eller å truga med knerting, ikkje å hjelpa folka dei er i krig med.
Å senda enno fleire norske soldatar til Afghanistan for å vidareføra USA sin blodige okkupasjon, er ein hån mot det norske folk. Me har aldri bede om denne krigen. Noko av det som gjer meg mest kvalm, er at det tidlegare fredspartiet SV har øydelagd all organisert krigsmotstand på riksplan, for å tekkjast NATO-fundamentalistane dei sit i regjering saman med. Me må heller skunda oss å få heim dei soldatane som alt er der, før ein av dei endar opp i ein svart pose.

Kjetil Grønås, RV Stord