Ja til rock på norsk!

Det er planar om å byggja eit eige museum for norsk rock, og Norsk Målungdom […]

Det er planar om å byggja eit eige museum for norsk rock, og Norsk Målungdom meiner eit slikt museum kan vera eit bra tiltak for å synleggjera den norskspråklege musikken.
Band som Jokke og Valentinerne, Gåte og Kaizers Orchestra har vore føregangsfigurar når det gjeld musikk på norsk.
Der mange artistar syng på engelsk, har dei tord å bruka morsmålet sitt og såleis skilja seg ut frå mengden. Slike førebilete har gjort det lettare for unge artistar som vil syngja på norsk. I eit norsk rockmuseum må rock på norsk få ein framtredande plass.

Synnøve Midtbø Myking,
leiar i Norsk Målungdom