Jakt, fiske og turdagane nærmar seg

Ei reise frå fjord til høgfjell gjennom film og bilete med naturfotograf Ole Jakob Vorraa […]

Ei reise frå fjord til høgfjell gjennom film og bilete med naturfotograf Ole Jakob Vorraa blir truleg eitt av høgdepunkta under messedagane. Vorraa skal halde eit lysbildeforedrag som han har kalla «Naturen på Haugalandet».
Tradisjonen tru skal det også i år kårast ein Herr og Fru Villmark. For borna kan det kanskje freiste med ein tur til «Sjørøvarøya Peparen», der ein kan delta på skattejakt. Elles er det verdt å nemne at fagredaktør i bladet «Villmarksliv», Dag Kjelsaas, skal halde foredrag om snikjakt og Etne Videoklubb skal vise to av sine naturfilmar. I år som i fjor vert det reprise på kjekke aktivitetar som spikring av fuglekassar, natursti, kurs i flugestangkasting og pil – og bogeskyting.