— Sommaren i fjor vil me berre gløyme, seier Liv Kaldheim, Anne Grethe Stangeland og Åse-Vigdis Rønnevik ved Ølen omsorgssenter.
Mangel på ferievikarar i fjor sommar førte til mange ekstra vakter for dei tilsette.
— Det var rett og slett rovdrift på medarbeidarane våre, og me er fast bestemte for at dette ikkje må gjenta seg, seier Liv Kaldheim, avdelingssjukepleiar og tillitsvald for eining 5 ved Ølen omsorgssenter.
Per i dag er det lyst ut sju stillingar ved omsorgssenteret, i tillegg til behovet for omtrent ti ferievikarar i fellesferien.
Mangel på arbeidskraft både om sommaren og elles på året, pregar også Vindafjordtunet i Nedre Vats, der heile ni stillingar er utlyste. Åtte av desse er faste.
Treng folk
Pågang av søkjarar var ikkje akkurat overveldande verken på stillingane ved Vindafjordtunet eller Ølen omsorgssenter.
— Til no har berre ei søkt på dei utlyste stillingane, medan berre på eining 5 manglar me omtrent halvparten av arbeidstokken. Me har ringt til alle dei lokale nyutdanna sjukepleiarane utan å få napp, fordi dei har allereie har skaffa seg jobb ved sjukehus der dei får meir erfaring. I tillegg til dette, har me annonsert i avisene og hengte opp plakat på Ølen vidaregåande skule. Eg må seia at det var veldig kjekt at same dagen som plakaten kom opp, fekk me to telefonar frå elevar ved den vidaregåande skulen. Me håpar det kjem fleire, seier Olaug Hindal Eikeland, einingsleiar ved Ølen omsorgsenter.
Servicetorget ved rådhuset i Ølen opplyser at per i dag har det kome berre ein søknad på dei ni utlyste stillingane ved Vindafjordtunet, og 13 søknader frå personar som søkjer ferievikarstilling.
— Denne rekrutteringssituasjonen er ikkje spesiell berre for oss. Dette skjer i heile landet og i alle yrke. Me har bestilt to sjukepleiarar i fulle stillingar hjå vikarbyrå, men byrået ville ikkje garantera at me får dei. Dei slit rett og slett med å få tak i folk, og slik er det over alt, seier Hindal Eikeland.
Skadd av omdøme
Det at rekrutteringa går tregt, meiner sjukepleiarane, kjem hovudsakleg av den negative vinklinga i media som pleie- og omsorgsteneste har fått dei siste åra.
— Det har også med haldningar til dei tilsete å gjera og. Det å snakka positivt om bedrifta si, og ta det negative opp med tillitsvalte og leiarane, er vegen å gå. Dersom ein går rundt og snakkar negativt om arbeidsplassen sin, vert det veldig vanskeleg å få nye folk til å jobba der, meiner hjelpepleiar og verneombod ved Ølen omsorgsenter, Anne Grethe Stangeland.
— No er ikkje situasjonen i pleie- og omsorg slik den var under omorganiseringa i 2006. Organisasjonen har stabilisert seg no, seier Olaug Hindal Eikeland.
Godt arbeidsplass
Sjukepleiar og tillitsvalt ved eining 5, Åse-Vigdis Rønnevik, tykkjer at jobben med omsorgstrengande gjev mykje positivt tilbake til dei som arbeider der.
— Pasientane er direkte og ærlege, og ein får respons for det ein gjer. Dei er veldig takksame for alt me gjer, og me får mange positive meldingar for den minste ting me gjer, og det er veldig oppløftande for oss som jobbar her å høyra, seier Rønnevik.
— Ingen er aleine her. Det er alltid fagfolk på vakta og alle jobbar som eit team. I tillegg er me veldig nøye på at alle får pause. Pause må me ha, seiar ho.
— Men det er veldig vanskeleg å snu på omdømet utan at folk vil jobba hjå oss, seier Olaug Hindal Eikeland.
— De seier mykje positivt om det å jobba ved omsorgsenter. Tru ikkje de at dette rosenmåla bilete kan ha motsett verknad på dei søkjarar?
— Jo, det kan henda det, men me håpar at det ikkje gjer det, seier einingsleiar Olaug Hindal Eikeland.