Jamgode naboar

4. divisjon, avd. 02 GrannKam Vindafjord-Etne 1-1 (0-0) Ølen stadion 1-0 Sigbjørn Tysvær (ca. 65. […]

4. divisjon, avd. 02
GrannKam Vindafjord-Etne 1-1 (0-0)
Ølen stadion
1-0 Sigbjørn Tysvær (ca. 65. min)
1-1 Kenneth Krokå (ca. 80. min)
Dommar: Arne Tveit Katla, Sveio IL
Gule kort: Kjell André Steinsland og Jarle Sjurseike, GrannKam Vindafjord, og Tore Øverland, Etne
Publikum: Ca. 100 tilskodarar

Etne pressa på frå starten fredag kveld, og hadde også dei største sjansane. Allereie etter ti minutt hadde Etne ein kjempesjanse, men ballen ville ikkje inn i mål. Etne dominerte i første omgang og hadde både spelet og flest målsjansar. Etter omlag 40 minutt fekk Etne frispark, og serverte eit skot som fort kunne ha hamna i mål.
— Ein død kamp. Eg har ikkje sett det slik før, var GrannKam-trenar Frank Abelseth sin kommentar like før pause.
Det er mogleg at Abelseth gav GrannKam-spelarane nokre alvorsord i pausen, for utover i andre omgang var dei meir på hogget. Sigbjørn Tysvær viste gode takter, og i midtre del av andre omgang sette han ballen inn i mål.
— Eg fekk ein stuss frå Espen Vaka, eg vann duellen mot Etne-spelaren, og var då åleine med keeper, seier Sigbjørn Tysvær om målet.
Dødball
Jamvel om scoringa var bra, var han likevel ikkje heilt nøgd.
— Det svikta defensivt og på dødballar imot oss. Det er litt typisk, me er for dårlege til å markera, seier Tysvær.
Med 1-0 til GrannKam såg det ut til at det endeleg skulle bli avgjort kven som er best av naboane, men bortelaget viste at dei ikkje hadde tenkt å gi seg. Intensiteten og spenninga auka. Ti minuttar før slutt sette Kenneth Krokå ballen i mål for Etne, på eit frispark.
— Burde vunne
Abelseth var langt frå overraska over at laget hans sleit på dødballar.
— Eg synest det var rett at Etne fekk poeng. Det at me slepp inn på dødballar, det kjenner me til. Me har mange nye spelarar og dei må debutera på plasser dei ikkje er vande med, seier Abelseth.
Etne-trenar Martin Moe var nøgd med spelarane sine, og skrytte av innsatsen som han meiner var langt betre enn tidlegare.
— Eg synest GrannKam var heldige og bør vera nøgde med at dei fekk med seg eitt poeng frå kampen. Me hadde spelet og sjansane, og burde dratt sigeren i land, er Moe sin klare dom.
— Me hadde tre klare målsjansar i første omgang der me burde fått ein av dei inn i mål, seier Moe.