Fugl Fønix Hotel har nesten fått kultstatus som ein urban plante i ein landeleg hage. Merkevaren Fugl Fønix er blitt fem år. Interessa for hotellet er upåklageleg, i følgje Asbjørn Moe, dagleg leiar det siste året.
I tillegg til den boblande kreativiten som er i krinsen rundt hotellet, kom han inn i Fugl Fønix med eit litt strammare bedriftsøkonomisk blikk. Det er slutt på at det går fleire kroner ut enn inn i drifta. Det er ikkje nok at omsetninga veks, summen under botnlinja må også ha rett farge. Heller ikkje kulturhotell får fritak frå harde fakta.
Det var berre det som mangla. Audun Stene og Asbjørn Moe ser framover med hovudet fullt av idear for korleis Fugl Fønix skal halde fast grepet om å vere eit hotell litt utanom det vanlege.
Vatn til vin
Audun Stene var med frå starten då ein meir eller mindre vennegjeng starta Fugl Fønix Cafe. Seinare overtok dei hotellet og vart til Fugl Fønix Hotel i 2002. Stene er styreleiar i selskapet og har i dag ei meir lausare tilknyting til den daglege drifta; prosjekt og bar i helgene er blitt hans område. Asbjørn Moe kom inn i bildet då Fugl Fønix vart hotell, og i desember i fjor overtok han sjefsstolen.
— Vi er framleis ein vennegjeng som driv hotellet, men kanskje på eit anna nivå enn før, forklarer Stene.
— Det var kanskje ein del naivitet i starten og alle såg optimistisk på alt. Hadde ein gjort heimeleksa si reint bedriftsøkonomisk, hadde Fugl Fønix ikkje blitt noko av. Dei har klart noko som i teorien ikkje skulle gå an, meiner Asbjørn Moe.
Produktet har klart å skape noko i og med at det er fleire som går ut og et eller går på eit arrangement i Etne enn i Oslo. Målt etter folketalet, meiner dei to.
Espresso og nudlar
Å vere annleis er kjernen i suksessoppskrifta Fugl Fønix. Den urbane merkevaren har dei vore med på å skape sjølve. Det handlar om musikk, mat og atmosfære.
— Det dreiar seg mykje om forventningar. Det vi har å varte opp med kan ein finne mange stader i byane. Men folk blir overraska av å finne espresso og nudlar i eit bygdesenter som vårt. I tillegg er kanskje ikkje enkeltdelane så spesielle, men summen og atmosfæren, seier Moe.
Eksportvare
Denne summen er også blitt til ved at fleire personar har bidratt med bitar. Stig Morten Sørheim med bookingselskap og kontaktar i norsk musikkliv. Jan Terje Rafdal med galleri og atelier på hotellet. Vips så har hotellet litt anna å by på enn mange andre.
Og det litt eksotiske har gitt hotellet meir omtale i riksmedia enn noko anna bygdehotell dei siste åra. Det er med på å styrke suksessen. Når andre tar seg av skrytet, er det ingen skurring.
I følgje Stene har det stor betydning at folk i distriktet brukar hotellet og går ut. For tilreisande gjester er det med å gi hotellet eit ekstra preg.
— Det er vel ikkje eit einaste hotell i Haugesund som blir oppsøkt av haugesunderar. Vi er blitt ein institusjon som dei fleste har eit forhold til, meiner han.
Merkevaren Fugl Fønix Hotell har fått så stekt ry at det kan bli eksportvare til andre tettstader i bygde-Noreg. Innovasjon Noreg har tent på ideen, det same har rådgjevingsselskapet Mimir gjort. Det er snakk om at andre bygder kan lage seg kopiar av Fugl Fønix.
Påskejass
Musikk er ein del av Fugl Fønix si sjel. Tyngdepunktet er festivalen på ettersommaren. No vil hotellet også ha litt jass på menyen. Først ute blir påskejass.
— Vi kan tenkje å prøve fleire ting for å gjere tilbodet meir interessant. Teater for den del. Vi har fått førespurnader om jass, og det står på lista etter nyttår. Vi har tenkt å leggje det til ei helg, og har planar om påskejass som starten for denne musikksjangeren, fortel Asbjørn Moe.
Han har ikkje tenkt å sitje å vente på gjestene. Også dei neste fem åra handlar det om å hente dei sjølve. Til og med på onsdagar.