Det var fjerde året på rad at kyrkjelyden på Bjoa arrangerte den populære gudstenesta, som nok trekkjer fleire folk enn det som er vanleg sundag føremiddag. Bjoa kyrkje var ikkje heilt full, men det var godt med folk på benkeradene. Og det svinga meir enn det pleier under gudstenesta, sjølv om det ikkje blei heilt som i New Orleans. Den pietistiske kyrkjekulturen her nord sit nok litt for godt i folk til at me berre let oss rive med sånn utan vidare.
Mange blåsarar
Men det var noko annleis med dette kyrkjebesøket. Det var ei ny oppleving å sitje og nikke med hovudet og vippe med føtene i god jazzkonsertstil, medan folk gjekk til nattverd eller gav takkoffer rundt alteret. Ei blåserekke gav ein luftig og fyldig klang saman med bass, slagverk, piano og vokal på nokon av songane. Men det var ikkje berre jazzklassikarar som fylte kyrkjerommet. «Vær meg nær, o Gud» svinga godt og blei gjeve eit nytt utrykk av jazzmusikarane. Det same gjorde salmen «Amazing grace». Presten sine «dette er jesu legeme, dette er jesu blod» under nattverda, føya seg nesten inn som ei songstemme i instrumentallåtane «It once was» og «Dear old Stockholm», som blei spelte under det rituelle måltidet.
Musikarane leika seg vidare med bass-, saksofon- og trompetsoloar i utgangssalmen «Down by the riverside». Publikum sette nok pris på den gode jazzstemninga i kyrkja, sjølv om dei ikkje heilt let seg rive med, og var litt tamme. Men gudstenesta blei utradisjonelt og vel fortent avslutta med applaus.
Etter nokre minutt med kaffi og kaker i sola på kyrkjetrappa, gav dei ni musikarane litt meir av det rike repertoaret sitt. Medan folk fekk i seg dei siste slurkane av kyrkjekaffien, avrunda Lasse Jarmer på piano, Anders Lunde på bass, Arne Haugen på trommer, Gunn Rakel Tjelle Jarmer med vokal, Johnny Grinde Pedersen på saksofon, Rune Eide på trompet, Marit Fosse på kornett, Geir Baldersheim på saksofon og fløyte, og Gunnar I. Eide på trombone, med eigne framføringar av låtane «Imagine» og «Do nothing». Det blei slutten på ei flott og utradisjonell oppleving i kyrkja.
Ingrid Hillestad