Jentene dominerer i skulemusikken

Namnet endra seg først til Etne skulemusikk. Sidan er det blitt til Etne skulekorps. Innhaldet […]

Namnet endra seg først til Etne skulemusikk. Sidan er det blitt til Etne skulekorps. Innhaldet er stort sett det same, og det var ikkje mange åra med gutemusikk før jentene fekk innpass. Korpset har ikkje alltid vore like aktivt. Om ein skal tru det som blei sagt frå scenen på kulturhuset fredag kveld, så er skulekorpset nå kome seg opp av ein bølgjedal.

Ungt korps
Aldersgrensa oppover for å vera med i skulekorps er i prinsippet 18 år, men ein konsekvens av den labre aktiviteten i Etne for nokre år sidan, er at alle er frå ni til tolv år gamle. Dei kan vera med i skulemusikken i mange år til, og trekkja med seg nye årskull.
Det kunne ha vore plass til fleire på jubileumsfesten fredag kveld. Dei som var til stades, fekk servert svingande rytmar, med meir pop og rock enn det ein vanlegvis tenkjer på når ein høyrer ordet skulekorps.
Ole Brumm, Tussi og Minni Mus sprang rundt i salen under seansen, og dei hjelpte til å halda ei barnleg stemning. Oppe på scenen låg andre vener frå Hundremeterskogen, som tause tilhøyrarar til eit musikkorps som kunne både syngja å spela.
— Eg er utruleg stolt i dag. Det har vore liten aktivitet i korpset i det siste, men me er på veg opp, sa ei strålande Ragnhild Underhaug Ness, som er formann i Etne skulekorps. Saman med dirigent Anita Jørstad Grindheim delte ho rundhandig ut femtiårsmedaljer til alle som var på scenen under jubileumsfeiringa.
Ein gallakledd Nils Handeland var konferansier, og husorkesteret bestod for høvet av Arne Haugen, Anders Lund, Morten Odeen og Vegard Øyfoss.
Cathrine Ness frå korpset song solo på A Whole New World. Etne skulekorps varta elles opp med mellom anna Løvenes Konge, Jingle Bells og Disney-versjonen av Ole Brumm stod på plakaten. Den siste acapella – frå eit korps!