Jespersen nær toppen

Juniorverdsmeisteren frå 2003 har dermed fått eit gjennombrot som seniorløpar. Målet før løpet var å […]

Juniorverdsmeisteren frå 2003 har dermed fått eit gjennombrot som seniorløpar. Målet før løpet var å ta poeng i verdscupen, og det innfridde han med glans. Jespersen var 32,2 sekundar bak Hellner og vel 25 sekundar bak bronseplassen.

Han var fjerde beste av dei norske der han i tillegg til Northug på tredjeplass, hadde Tore Ruud Hofstad framfor seg på 5. plass og Geir Ludvig Aasen Ouren på 12. plass.