Jordbruksoppgjeret 2007

Me hadde venta litt meir respekt og at dei fylgte opp lovnaden i Soria Moria-erklæringa. […]

Me hadde venta litt meir respekt og at dei fylgte opp lovnaden i Soria Moria-erklæringa. Og med Senterpartiet i regjering hadde me venta eit betre tilbod. Dei held alltid igjen når det gjeld bøndene.
Andre yrkesgrupper og lønsmottakarar får det dei forlangar og vel så det. Aldri har det vore så godt lønsoppgjer som i år sa LO-formannen. Så kjøpekrafta berre aukar og kjøpefesten held fram. Det går mindre og mindre til mat for kvart år.
I 50-6O åra gjekk 40 prosent av lønna til mat, i dag berre 5-10 prosent. Men så snart bøndene får litt tillegg – mindre enn andre – og matvarene stig litt, blir det eit ramaskrik både av matvarekjedene og forbrukarane. Ein høyrer ikkje så mykje når andre varer går opp i pris. Industrileiarar og politikarar, stortingsrepresentantar og statsrådar har frå 1980-talet gått til angrep på jordbruksoverføringane slik at lønsutviklinga i jordbruket har gått nedover.
Men omsetnad krev sitt. Bonden får 3-4 kroner literen for mjølka, men i utsal er prisen tredobla. Bøndene mistar motet og investeringslysta og skaffar seg deltidsjobb utanom garden så dei kan leva eit økonomisk anstendig liv.
At overføringane til jordbruket er til for å halda matvareprisane låge er det ingen som snakkar om. Og ikkje er overføringane så høge når ein ser på tala som massemedia vil ha det til. Ei avgift som bøndene betalar staten blir det skjeldan opplyst om.
Då eg var bonde (nå pensjonist) dreiv eg med kjøtproduksjon på okse og gris. Prisen på kraftfôr var ca. kroner 1,50. Men så la staten på avgift så prisen vart ca. 4 kroner pr kg. Ei avgift på ca. 2,50. For min del brukte eg for ca. 400.000 i kraftfôr årleg. Med det betalte eg over 200.000 i året til staten.
At bønder er dårleg betalte går igjen i alle land. I u-landa får dei så lite for matvarene dei produserer at dei dyrkar narkotiske planter, for slike planter får dei litt meir for.

Anders Lærdal