Men det var nære på – berre fire usle poeng skilde musikk-korpset i Vats frå vinnarane i søndagens småkorpskonkurranse i Sveio.
— Nå feirar me! Me var svært nære fyrsteplassen, seier leiar i musikk-korpset, Anna Mårtensson og smiler.
— Me tar den neste gong, seier ein optimistisk dirigent Thomas Nilsen, som var tydeleg stolt over 2. plassen i Førde Skulemusikkorps sin småkorpskonkurranse.
Som løn for strevet vart måndagsøvinga bytta ut med kakekalas og film frå konkurransen.
— Det var ei oppleving å sjå showet frå ein annan vinkel enn scenen, fortel Nilsen, og understrekar at opplevinga absolutt var positiv.
Grisehyl til stor begeistring
Dei over 30 musikantane frå tre generasjonar hadde øvd sidan før jul og kunne by på eit variert og underhaldande program. Opningssongen «Boom Boom», hadde dei lært seg utanåt slik at dei kunne rocke mest mogeleg rundt i rommet før dei smiska litt med dommarane og gav dei kvar si rose. Under den andre songen fekk dei god hjelp frå tre bygdejenter, som framførde ein sjølvlaga dans som fekk svært god kritikk frå dommarane.
Dansarane gjer seg godt, og rører seg på ein god måte i høvet til stykket. Dette utgjer ei god tolking av stykket og får fram melankolien, var dommarane sin kommentar.
Men det var på siste songen, favoritt til både musikarar og publikum, at det tok heilt av med både grisehyl, latter og song. Då var det nemleg Odd Nordstoga sin «Kveldssong for deg og meg» som stod på programmet.
— Der fekk me skikkeleg trykk og folk klappa og lo i salen, fortel Mårtensson med stor entusiasme.
— Både foreldre og aspirantane var med – og så hadde me ein hylande gris!
Meir enn berre musikk
Det var med andre ord ikkje berre musikken som stod i fokus under denne småkorpskonkurransen. Showet talde for ein tredel av poenga, noko dirigent Nilsen synest er viktig.
— Det blir lagt vekt på meir enn berre musikken, så det blir ein annan måte å tolka og framføra stykka på, seier han.
Mårtenssen meiner at det å laga ei framføring slik som denne har gitt korpset utruleg mykje og gjort musikantane meir engasjerte.
Og det var i alle fall ingen sure miner i Vats denne måndagen og motivasjonen var stor for ein førsteplass neste gong. Men først skal dei gjennom eit tett konsertprogram før dei skal ut på ein etterlengta tur til Danmark, der dei skal ha utekonsert og slappa av.