Det er ingen olding som skal markere jubileet sitt i slutten av februar, men aktive Feedback let ikkje eit 15 års jubileum gå frå seg utan å samlast.
Jan Idar Haugen og Else Gurine Stople er begge med i festkomiteen og i gang med å førebu jubileet. Dei fortel om eit aktivt lag i dag, slik det var då det vart skipa.
— Eit av måla er å nå alle som har vore innom Feedback sidan starten, og få dei til å kome på festen. Dei som ønskjer det skal også få vere med å syngje under jubileumskonserten, seier dei.
Interkommunalt
Før Feedback såg dagens lys, var det eit Ten Sing kor i Ølen og Etne, pluss eit aktivt ungdomskor i Vats og eit nedlagt ungdomskor i Skjold.
— Så ein haustkveld i 1989 møttest ein flokk ungdommar, 50 – 60 i talet, på Øvre Vats skule. Dei som møtte der hadde heimeadresse i distriktet frå Skjold til Etne. Målet for desse var å syngje saman i Ølen, Etne og Vindafjord tensingkor.
Vi fekk litt informasjon, og så var vi i gang, minnest Jan Idar Haugen. Han var ein av ungdommane som møtte den kvelden, og sidan då har han vore aktivt med.
— Neste gong vi møttest, kom det endå fleire ungdommar, og snart var vi i gang med øvingar og opptreden rundt i bygdene. Men nyskapinga måtte ha eit namn. Ølen, Etne og Vindafjord tensingkor vart for tungt. Ei namnekonkurranse førde så fram til namnet Feedback, fortel han. Dette namnet har slått godt an, og er blitt eit kjend og kjært omgrep i bygdene våre.
Ein ting som Jan Idar Haugen er litt stolt over, er det interkommunale samarbeidet i Feedback. Dette har halde seg godt frå første dag.
Mange med
Medlemstalet i Feedback har vore stabilt sidan starten. Det har ligge på rundt 100 medlemmer, med ein topp rundt 1991. Då var det 150 medlemmer.
Men frå starten hadde ikkje Feedback nokon fast stad å halde til.
— Nei, vi hadde eit omflakkande liv. Vi var vekselvis på skulane i Vats og Ølen, og andre gonger på bedehusa i desse bygdene. Vi flytta på utstyr og kioskvarer heile tida, fortel dei.
Kjernen i Feedback har heile tida vore korøvingane kvar fredagskveld, men dei som ikkje er med i koret har også tilbod om aktivitetar.
Ein typisk kveld på Huset, består av song, aktivitetar og andakt. I kiosken kan ein ved sida av typiske kioskvarer også få kjøpt litt mat.
Eige hus
I januar 1993 skjedde noko stort i Feedback sin historie. Dei kunne flytte inn i eige hus i Eiodalen i Ølen. Dette vart ei stor omvelting. Her vart det meir plass og grupperom for andre aktivitetar enn songøvingar.
Huset blir organisert gjennom ei stifting, og finansiert med ei fast gjevarteneste. Det er 30 – 40 faste gjevarar som kvar månad gir frå 50 kroner til fleire hundre kroner. Dette gjer at lånet som var på 800.000 kroner snart er nedbetalt, og at Feedback snart eig huset sitt.
Stor aktivitet
Heilt sidan starten har aktiviteten vore stor.
— Ja, vi vart fort ganske store, og gjennom åra har vi alltid hatt noko på gang heile tida, fortel Haugen og Stople. Av store arrangement nemner dei fleire, men spesielt julekonsertane har samla fulle hus frå første konsert.
— Dei har blitt ein tradisjon, og populære. Ja, den første julekonserten i 1993 med Hanne Krogh samla faktisk to fulle hus. Dei første åra vart konsertane arrangert i Ølen samfunnshus, men etter at den nye kyrkja i Skjold stod ferdig, har vi vore der.
Andre arrangement i Feedback sin regi er rusfrie 16. mai kalaz, Fleire kjendisar har vore innom desse, som trekkplaster ved sida av Feedback.
Musikalen «Tøff nok» vart sett av over 600 personar fordelt på tre framsyningar. Det var i denne dramagruppa fekk sin debut i 1991.
Gjennom åra har Feedback hatt fleire dirigentar. Nokre har vore rekruttert frå koret, andre har dei henta utanfrå.
Kva bygder dei fleste medlemmene har kome frå, har variert. Nokre gonger har det vore spesielt mange frå ein stad, ein annan gong frå ein annan stad.
Jubileet
15 års jubileet vil bli markert med ein stor jubileumsfest i Ølen samfunnshus 25. februar. Først blir det ein konsert som er open for alle, etterpå blir det påmeldingsfest.
— På konserten håper vi å gjenspeile noko av det Feedback har halde på med i desse år, seier Else Gurine Stople. Ho håper mange av dei rundt 800 som har vore innom Feedback, vil vere med å feire jubilanten.