Jubilerer med nyopning

Den vidaregåande skulen i Ølensvåg vart stifta i 1965. På den tida var skulen ein […]

Den vidaregåande skulen i Ølensvåg vart stifta i 1965. På den tida var skulen ein såkalla kontoryrkesskule med berre ein klasse. Tre –fire personar både arbeidde og budde saman med elevane i det eine bygget som den gong eksisterte. I dag er forholda ved skulen totalt forandra. Skulen fire studieretningar; sal og service, media og kommunikasjon, allmennfagleg påbygging og allmenne fag. Elevtalet i jubileumsåret er på rekordstore 161 elevar, og til dagleg arbeider det 23 personar på skulesida av drifta, og 12 innan servicedelen. I tillegg til desse tolv, er det og ni elevar som har små stillingar, mellom anna som medhjelparar på kjøkenet. På skuleområdet er det forutan skulebygga, fire einebustadar og ni andre husvære til dei tilsette. Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband.

Store endringar
— Kva har vore den største oppturen for skulen gjennom desse åra?
— Det har vore mange av dei, men då me fekk eit tre-årig tilbod i 1977, merka skulen ein spesielt god oppsving, seier rektor gjennom 18 år, Gustav Fosse.
Han merka òg ein oppgang i kjølvatnet av Reform 94.
— Etter reforma måtte me finne vår eigen identitet, og då me fekk faga sal og service, media og kommunikasjon og allmennfagleg påbygging merka me eit stort løft, seier Gustav Løge.

Feirar med fotball
40-årsjubileet skal feirast tre dagar til ende. Torsdag er alle
10. klassingane i distriktet inviterte til omvising og yrkesrettleiing frå representantar frå Hatteland. Om kvelden skal dei tre kora ved skulen ha song– og musikkveld, her er alle som ynskjer det inviterte.
På fredagen er det duka for fest. Kvelden opnar med middag for spesielt inviterte. Her kjem mellom anna ordførar Arne Bergsvåg som har med seg ei helsing, fylkesdirektøren for utdanning, Magne Nesvik, stortingsrepresentant frå Rogaland Finn Martin Vallersnes, Helge Thorheim, Reidar Håvås, representantar frå det lokale næringslivet, elevar og tilsette. I alt skal om lag 130 personar nyte god middag før festprogrammet tek til. Elevinnslag og historisk tilbakeblikk ved Harald Hauge, som var rektor i over tjue år ved skulen, er noko av det som står på plakaten. Feiringa avsluttar på laurdag med fotballturnering på den splitter nye kunstgrasbanen.
— Me har fått åtte påmelde lag frå lokale bedrifter, seier rektor Gustav Fosse.