Jubla over opning

— Me har sakna det, seier Dagrunn og Anja frå Etne medan dei tar nokre […]

— Me har sakna det, seier Dagrunn og Anja frå Etne medan dei tar nokre symjetak.
Tysdag opna symjebassenget i Etne for offentleg bading etter at det dei siste åra berre har vore ope for skuleelevar.
Søstrene Hustoft let ikkje sjansen til ein symjetur gå frå seg.
— Det er den kjekkaste sporten me driv, seier Dagrunn.
— Det er vel eigentleg den einaste sporten me driv, ler Anja.
Dei har somme gonger reist til Vindafjordhallen, men synest det er ein fordel å ha bassenget i nærleiken.
— Me satsar på å bruka det, om ikkje kvar veke så iallfall annakvar, seier Dagrunn.

Trim og avkopling
Med ein temperatur på 29 grader er det ingen fare for kalde kroppar og blå lepper.
— Det er deilig. Heilt topp, seier søstrene Hustoft.
Dagrunn har to jenter på fem og ni år, og Anja har ein gut på 16 månader. Dei ser ikkje bort frå at dei tar med seg borna på familiebading når dei har høve til det.
Laila Selland (41) er også glad for at bassenget nå er ope for folk flest, og legg ikkje skjul på at det er lettare å komma seg av garde når det er så nær.
— Det er kjempeflott. Det blir litt trim og avkopling, og så er det deilig temperatur, seier Selland.

Breitt aldersspenn
Det er den nystarta Etne Symjeklubb som står bak opninga av symjebassenget. Tretten personar var innom for ein dukkert på opningsdagen.
— Det synest me er bra. Me reknar med at det kjem fleire etter kvart, seier initiativtakar Monica Klippenberg.
Ho fortel at dei har fått god respons på tiltaket.
— Folk verkar veldig nøgde, og det er kjempebra, seier Klippenberg.
Aldersspennet var breitt, frå 25 til 70 år, men mennene stilte svakt med berre ein representant.
— Det er mennene som sviktar i dag. Dei får få seg barnevakt og komma begge to, seier Elisa Bjørk Jakobsdottir.
Tysdag er det bading for vaksne, og torsdag er det familiebading.
— Fram til mai må me kartlegga kven som kjem, og kanskje utvidar me opningstidene viss det blir masse folk, seier Klippenberg, som er svært nøgd med at 23 personar har tatt livredningskurset.