Jublar for gang- og sykkelsti

— Me skal i løpet av kort tid lyse ut anbod på prosjektet på Madsgård. […]

— Me skal i løpet av kort tid lyse ut anbod på prosjektet på Madsgård. Det tek ofte nokre månadar før alt er på plass, men me reknar med å vere klar til oppstart i september ein gong, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Knut Utåker.
Dermed er det lys i tunnelen for turgåarar i Etne, som lenge har ettersøkt ein gang og sykkelsti på denne trafikkerte vegbiten.
— Det er klart me er glade, men det var på høg tid må me nesten få lov å sei. Det er ein veldig trafikkert og skummel vegbit, seier Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik.
Resten av turgjengen er heilt einige. Dette er noko som burde blitt gjort noko med for lenge sidan, og var heilt på sin plass.
— Det passa jo ekstra godt at det blir gjort i år, det er jo friluftslivets år. Og denne turløypa rundt Osnes er svært flittig brukt i Etne, seier Anne Britt Grindheim.

Burde blitt turløype
— Osnes rundt burde blitt merka som turløype. Det hadde blitt meir attraktivt for både turistar og andre då. Litt skilting hadde gjort seg, seier Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik.
Anne Britt Grindheim poengterer at området er perfekt for turar.
— Det er jo til og med tilrettelagde badeplassar og tilgjengeleg for rullestolbrukarar, seier ho før ho på ny set kursen rundt Osnes med barnevogna og resten gjengen.