Jul i Betlehem

Det var ikkje vanskeleg å krysse sjekkpunktet mellom Jerusalem og Betlehem julaftan 2006. Vi hadde […]

Det var ikkje vanskeleg å krysse sjekkpunktet mellom Jerusalem og Betlehem julaftan 2006. Vi hadde bestilt arabisk drosje i Jerusalem, med løyve til å køyre både i Israel og på Vestbredda. Det var jul, vi hadde norsk, rødt pass, og om vi hadde blitt stoppa for sjekk, hadde forklaringa vore enkel og legitim: Vi ville feire jul nær Jesu fødestad.

For tida er både jødar og palestinarar einige om at turistar er ein god ide, og dei oppfører seg deretter. Vi blei ikkje stoppa, drosja reduserte farten litt på sjekkpunktet, og blei vinka vidare. Vi skulle ikkje heilt til Betlehem i første omgang. Vi skulle feire jul i den lutherske kyrkja i Beit Jala, hos gode vener vi hadde hatt besøk av i Etne sommaren 2005. Om du kjem du frå Etne vil det alltid vere rom for deg i Abrahams herberge. Julaftan var det borna sin dag i kyrkja. Julespelet var langt og grundig.

Maria og Josef reiste til Betlehem, stjerna leda vise menn og englar song. Det gjekk føre seg på arabisk, men vi hadde fått utlevert ei engelsk omsetjing. Historia var kjent og det var ikkje vanskeleg å følgje handlinga. Hanneloreh, Muna og Majd som vi kjente frå før, spelte fløyte til vismennene si vandring. Småsøsken gikk att og fram og var ein del av det heile. Foreldre og besteforeldre var godt representert i benkeradene. I år framførte barneskulen same julespelet på skulegudstenesta i Etne, no omsett til norsk. Som norske gjester måtte vi også fram og presentere oss og kome med ei helsing i gudstenesta. Marta Onstein refererte artikkelen i Grannar som handla om støtta til Beit Jala, det året. — Det gir ei stemning av nordpol og julenisse å ha norske stemmar i gangane til jul, sa pastor Shihadeh.

Abrahams herberge har kyrkje, hotell og barneheim for gutar. Mohammed tok imot i resepsjonen på hotellet, glad for å sjå oss. Mohammed gjorde grovarbeidet med visumsøknadar då vi arrangerte Abrahams leir i Etne sommaren 2005, og vi snakka saman på telefonen fleire gonger dagleg ein periode. Den dagen Mohammed hadde vore til den norske ambassaden i Amman i Jordan og fått visuma for dei ungdomane som hadde jordansk pass, fekk eg epost: — No har eg vore i Noreg.

Han meinte at ein eventuell tur frå Amman til Oslo ikkje var å rekne for noko, samanlikna med turen mellom Vestbredda og Jordan. Den observante lesar vil no stille spørsmål om ein person ved namn Muhammed kan arbeide i ei luthersk kyrkje. Er ikkje han muslim? Og det er han, men Mohammed har vakse opp på barneheimen i kyrkja, snakkar tysk og engelsk flytande og er ein av dei faste resepsjonistane på hotellet. Seinare i veka fekk vi også helse på faren hans, som framleis bur i ein flyktningeleir, og som blir underhalde økonomisk av Mohammad og andre søner. Mohammad er julenisse for barna på hotellet ein morgon, og han gratulerar med Jesu fødsel, for «det som er viktig for mine vener er viktig for meg», seier muslimske Muhammed. Sjølve hotellet var eigentleg stengt hausten 2006. Det var tida med turisttørke etter Mohammedteikningar og krig nord i Israel. Under krigen sommaren før hadde ei gruppe muslimske palestinarar frå Nasaret-området flykta, og enda opp i det kristne Abrahams hus. Dei hadde blitt så godt motteke, at ei gruppa av dei tok nokre dagar fri i samband med jula, og reiste «sydover» på ferie når det likevel var stille i Nasaretområdet, grunna julefeiringa. To rom var ledige, og dei hadde vi fått.

Hotelldelen av Abrahams hus er fantastisk. Nytt, vakkert, ordentleg og reint. Ikkje er det dyrt heller. Frukostsalen har arabisk mat, i tillegg til vanleg europeisk hotellfrukost. — Og stadig nye morsame plassar å setje seg ned i orientalske puter, seier Kari, yngste dotter vår, når eg spør kva eg skal skrive om hotellet. Kyrkjerommet er prega av glasmåleria til ein kunstnar som ville støtte arbeidet. Han kjem også ein gong i veka og lærer ungdomane på barneheimen å lage glasmosaikk. Kjøkenet på hotellet var ikkje ope for middag i jula, så vi måtte på byen for å finne ein restaurant. Vi gjekk hovudgata ned (avstandar er korte i Det heilage landet), og på vegen ropte pastor Jadallah Shihadeh høgt og tydeleg over vegen til meg: — No må du ikkje kaste stein på soldatane, Atle. Slik er humoren til eit undertrykt folk. Vi såg ikkje soldatar. Det trongst ikkje heller. Her var fred og ro. Jul. Av og til kom nokre barn og baud oss sjokolade som gåve. Det var trass alt julaftan i ein kristen by.