Først ein liten tur innom Hildur og Olav, så går me vidare derifrå. Festen begynne kl. 20 så me må vera der då, ska jo eta, goe mat.
Me nærmar oss, «huset» og går inn. Der blir me møtt med velkomstdrink og eit flott pynta hus. Gjengen som går dugnad har gjort ein kjempejobb. Me finn bordet vårt og sett oss ned, nippar til drinken før me reise oss igjen for å finna mat. Her var utvalget stort! Set oss ned att og et, maten smaka fortreffelig!
Etterpå dansa me til god musikk. Fekk radla med alle dei kjekke folka som var der.
Takk til alle for ein koselig helaften på «huset». Me kjeme sikkert igjen til neste år.
Helsing frå oss på
Ølen Blomster m/menner