Og det eg vil få fram her var den gode maten vi fekk servert, med pinnekjøtt, ribbe og det som høyrer til. Dessertbordet ikkje å forgløyma, det var topp. All ros og takk skal dei ha som har stått for dette. Eg kan trygt anbefale det til andre. Ein ettermiddag vi kan kosa oss i lag med dei yngste. Rett tid på dagen å eta eit skikkeleg måltid. Eit tips til neste førjulstid.
Til slutt ei påminning til oss alle: Lat oss ikkje i denne travle tida gløyma Jesubarnet, som blei fødd i Betlehem julenatt. Difor feirer vi jul!
Ha ei god og fredeleg julehøgtid!
Helsing Gunnbjørg Mosdal,
Ølen