Julegåve på 500.000

I kjølvatnet av at Haugaland Kraft har fått konsesjon på utbygging av Rødneelva i Sandeid, […]

I kjølvatnet av at Haugaland Kraft har fått konsesjon på utbygging av Rødneelva i Sandeid, gir dei 500.000 kroner til eit fond, som skal gå til barne- og ungdomsarbeid i kommunen.
Takksemda var stor då ordførar Reidar Håvås tok i mot det synlege beviset på gåva av administrerande direktør i Haugaland Kraft, Olav Linga, i Vindafjord Rådhus måndag. Linga sa at det er naturleg for Haugaland Kraft å gjere noko for innbyggjarane i kommunen, og dette meinte han best kunne gjerast gjennom pengar til eit kraftfond.
På spørsmål om Haugaland Kraft ofte gir slike pengegåver, seier Linga at utbygginga av Rødneelva er det første sjølvstendige utbyggingsprosjekt Haugaland Kraft har hatt etter Etne-utbygginga for meir enn 50 år sidan.
Samarbeid
Med dagens rentesatsar på 1,8 prosent på innskot over 500.000 kroner, er det snakk om eit årleg beløp på rundt 10.000 kroner. Desse pengane vil det nok ikkje bli vanskeleg å finne oppgåver til.
Men renta kan endra seg, og ordførar Reidar Håvås var svært glad for den storslåtte gåva. Han sa at før ein bestemmer kva pengane skal brukast til, vil kommunen ta stilling til korleis fondet skal administrerast.
Sjølv meinte han at det var naturleg at fondet blir administrert av kommunen saman med lag og organisasjonar i kommunen.