Julespel og auksjon på søndagsope

Tidlegare var det tradisjon i Etne å ha julegateopninga første søndag i advent. — Dette […]

Tidlegare var det tradisjon i Etne å ha julegateopninga første søndag i advent.
— Dette var det litt motstand mot, men det vart først heilt slutt etter press frå handelsstanden i Haugesund. Dei tok nemleg kontakt med kommunen sin, som igjen påverka dei andre kommunane innover til å seie nei til søndagsopne butikkar, seier Erling Ronæs, som er med i arrangementkomiteen komande søndag. Han synest det er rart at Haugesund greidde å få dei andre kommunane med til å seie nei den gongen.
I fleire år var det difor ikkje søndagsope i Etne, men etter at regjeringa opna for at butikkane kan ha ope dei fire siste søndagane før jul, har igjen Etne tatt opp denne tradisjonen. Nå er det rett nok ikkje første søndag i advent som blir valt, men den tredje.
Julespel og auksjon
I tillegg til opne butikkar, er også andre på banen komande søndag. Seks jenter frå ponnygruppa Knerten skal saman med hestane sine ha framvising ved Old River Saloon. Deir skal dei vise julespelet «Rudolf er raud på nasen». Dei skal også ha barneriding, og køyre dei som ønskjer det med hest og vogn i sentrum.
Etne Røde Kors skal stå for auksjon i Sjoargarden, der pengane går til Røde Kors. Om det blir dårleg ver, blir auksjonen flytta til Meieriplassen Kjøpesenter.
Leiar i Etne Røde Kors, Lars Olav Bergsvåg, seier at dei også kjem til å markere arbeidet i Røde Kors.
— Blant anna må vi reklamere for ei ny gruppe vi skal starte med etter nyttår. Vi kjem då til å setje i gang aktivitetar for barn mellom åtte og 14 år, fortel han.