Nær firehundre betalande hadde tatt turen til kyrkja for å komme i julestemning på søndag, og Feedback klarer som alltid, saman med dei andre aktørane, å skapa ein stemningsfull konsert. Her vart det servert mykje god song og musikk, juleevangeliet og appell, og sjølvsagt var det også allsong.
Songglede
Feedback innleia sjølv konserten, og med si smittande songglede, var det som ei fryd å høyre på dei unge songarane. Flinke solistar, dyktige musikarar og engasjert dirigent, dei får det skikkeleg til å svinge. Etter Feedback var det duka for premiere for det nyoppretta mannskoret, som var sett saman i samband med julekonserten.
Med sin kvinnelege dirigent, Randi Byrkja Dagsland, serverte dei oss flott a cappella song. Vi får håpe at det ikkje berre vert denne eine gongen me får høyre desse flinke mennene. Den utflytta ølensbuen Ola Ohm, som tidlegare i haust gav ut cd`en «Lengt», spela tre nydelege stykke på klaver, der spesielt «O helga natt», må nemnast. For som Ohm sjølv sa, det vert ikkje jul utan denne songen.
Skjold barnekor var også med å underheldt, og trass i stort fråfall denne søndagen, klarte dei å sjarmere publikum med sin friske song. Konserten vart avslutta med at heile forsamlinga song «Deilig er jorden», og med firehundre songarar som stemte i, kom julestemninga for alvor i Skjold kyrkje.
Liv Jorunn Frønsdal