Tysdag til torsdag neste veke vert det born og unge som dominerer festivalbildet i Vikedal. Då er det skipa til bygdas første Zporty festival. Zporty barne- og ungdomsfestival byr på eit rikt monn av aktivitetar for unge i alderen 9-19 år og grunntanken bak festivalen vert uttrykt på denne måten; lær, leik og lev.
— Det handlar om meistringskjensle, forklarer initiativtakar Frank Abelseth. I lag med Sivert Ole Holten og fleire andre støttespelarar står han som arrangør av festivalen. Han har også ein eigen definisjon på sjølve Zporty-kulturen.
— Zporty-kulturen er noko så enkelt som folkeskikk sett i system, forklarer han.
— Det gjeld å ta ansvar og yta sjølv. Det er viktig at ein tek tak i det ein har og utnyttar potensialet kring seg.
Jungel i Vikedal
Under festivalen kan ein prøva seg på over 20 ulike aktivitetar som går både på idrett og musikk.
— Vi har prøvd å laga eit tilbod som skal fengja alle, seier Abelseth. Ein av dei kanskje mest spanande aktivitetane er Jungeltur i Vikedalselva. Dette er ein tur som heile familien kan vera med på og i følgje Abelseth den aktiviteten som representerer Zporty-ånda på beste måten.
— Jungelturen handlar om å utnytta det vi har i nærleiken og å fokusera litt annleis. Turen kan lett bli spanande og jungelaktig berre ein legg merke til det som rører seg rundt oss, ivrar Abelseth. Han meiner det er viktig å «auke trykket» på ein vanleg tur når ein har med seg ungar. Berre det å fokusera på små dyr, «skumle bruer», vatn, fisk og gamle ting i naturen, gjer turen til ei oppleving.
Popstjernå
I tillegg til eit uttal fysiske aktivitetar som dribling, riding og kanopadling, kan ein få testa dei musikalske evnene under festivalen. Det blir også ulike konsertar med lokale og tilreisande ungdomsband og ein lokal Idol-konkurranse som har fått namnet «Popstjernå». Dette er den einaste aktiviteten der det ikkje går an å melda seg på. Det har allereie vore arrangert inntakskonkurransar på ulike plassar og 25 songarar skal få prøva seg under festivalen. Det heile munnar ut i ein finale torsdagskvelden der dei fem beste skal opptre.
Arrangørane trur og håpar at festivalen skal bli ein tradisjon, men er sjølvsagt avhengige av stor oppslutnad slik at ein får ei viss inntekt.
— Økonomien er sårbar på ein slik type festival. Det viktigaste er likevel at hjula går rundt og at vi likar det vi driv på med. På sikt håpar vi at ungdommen kan ta over styringa og stå som arrangørar av festivalen sjølv, sluttar ein positiv Abelseth.
Jungeltur langs elva
Tysdag til torsdag neste veke vert det born og unge som dominerer festivalbildet i Vikedal. […]