Kaldast i Ølensvåg?

Sundag blei ein kjølig dag mange stader i Etne og Vindafjord. I Ølensvåg blei det […]

Sundag blei ein kjølig dag mange stader i Etne og Vindafjord. I Ølensvåg blei det om kvelden rundt kl 19.00 målt heile elleve minusgrader.
Det er ikkje så styggeleg langt frå kulderekorden for november i Rogaland. Den er på 16,1 grader minus og blei målt i Sauda i 1955, går det fram av ein oversikt på nettstaden Vær og Vind.
Men kulda er over for denne gong. Onsdag er det meldt om temperatur på rundt åtte plussgrader og regn.
Har du registrert temperatur over elleve grader i helga? Sendt tid, stad og måling til: tips@grannar.no