Men meteorologane heldt det dei lova. 17. mai 2005 blei ein av dei kaldaste og suraste 17. maidagane på lange tider. Det var bitande kaldt med regnbyer, som på det verste slo over til både snø og sludd, hagl var det også somme stader. I Sandeid måtte barneleikane flyttast inn i samfunnshuset på grunn av snøen som la seg kvit på kunstgraset til fotballbanen!
Men det sure og kalde veret la ingen dempar på feiringa av nasjonaldagen. Programma gjekk etter oppsett plan. Dei fleste barne- og folketoga kom seg då også turrskodde i hus før regnet kom. Grannar sine journalistar hadde ein travel dag med å komma gjennom Grannar-bygdene i år som før om åra. Problemet med å få med seg alt er at det meste av programma føregår til same tid. Men med god ruteplanlegging, kom me gjennom programmet.
Det som slår oss på ein dag som dette er det gode samhaldet mellom bygdefolket. I Imsland møter me på vikedalsbuar, i Sandeid på etnebuar og ølensbuar. I Vikedal og alle dei andre bygdene det same. Folk møtest og pratar. Det kalde og sere veret førde til trengsel rundt borda i bygdahusa rundt i bygdene. Men dei tokka seg saman og gav plass til kvarandre. Som ho sa ei dame; der det er hjarterom er det husrom.
Dette viser at folk ikkje er så bundne av grenser som me mange gonger kan få inntrykk av. Anten det er mellom kommunar eller fylke. Dei finn fram til kvarandre likevel. Og det er slik det skal vera. Me som bur i desse bygdene; frå Skånevik i nord til Fjæra i aust og til Vikedal og Ølmedal i sør, til Vats og Skjold i vest og Bjoa i nord, er som ein familie å rekna. Me kjenner kvarandre sin kultur og sine lynne. Me kan ha ulike meiningar og oppfatningar om ulike spørsmål. Men når det kjem til stykket, står me samla. Det er ein dag som 17. mai det beste dømet på.