— «Giganten» var fantastisk. Eg hadde lange tårar ned i munnvikane, seier styremedlem Geir Davidsen om Erik Bye-filmen.
Eit filmteam har følgt Erik Bye dei tre siste åra han levde. Berit Rafdal trur filmen blir eit av haustens høgdepunkt for det vaksne kinopublikummet.
— «Giganten» vil bli ein stor film. Den vil trekka folk som vanlegvis ikkje går på kino, seier Berit Rafdal.
Filmen hadde Noregspremiere sist fredag, og fekk terningkast fem i VG og Dagbladet. Rafdal veit førebels ikkje når «Giganten» kjem til Etne.
Tor Egil Erichsen, styremedlem og maskinist, som tilhøyrer ein yngre generasjon, er derimot ikkje like begeistra for filmen om Erik Bye.
— Eg trur ikkje ungdom på min alder finn så mykje interessant i den, men eg ser jo at det er ein bra film, seier Erichsen.
Gjensyn med Elling
I haust er også Elling tilbake på lerretet. Gjennom «Elsk meg i morgen», får me igjen stifta kjennskap med Elling og Kjell Bjarne. Nå har Kjell Bjarne flytta inn hos kjærasten Reidun.
— Eg har store forventningar til denne filmen. Det er blitt sagt frå dei som har sett han at denne er like bra som den første Elling-filmen, seier Rafdal.
«Charlie og sjokoladefabrikken» med Johnny Depp i hovudrolla er ein film mange ventar på. «Madagaskar» og «Wedding Crashers» dukkar også opp på Etne kino i løpet av hausten.
— Eg trur me har eit bra program. Det kjem masse kjekt for ungar pluss at me har filmar for dei vaksne, seier Rafdal.
I november kjem den fjerde filmen om Harry Potter, «Harry Potter og ildbegeret». Rafdal håpar å få den som Noregspremiere.
— Me håpar å få Noregspremiere på Harry Potter eller Narnia-filmen når me ikkje fekk Elling eller «Charlie og sjokoladefabrikken», seier Rafdal.
Publikumssvikt
Kinosjefen veit at ho står føre ein krevjande jobb i haust. Besøkstalet gjekk ned med 1.000 i vår. Målet er å ta dette igjen i løpet av hausten.
— Dersom me klarer 2004-nivå skal me vera nøgde. Då hadde me ca. 13.000 besøkjande. 2004 var eit dårleg år, medan 2003 med «United» var veldig bra, seier Rafdal.