Kan stoppa duesporten

Trusselen om fugleinfluensaen kjem stadig nærmare og før helga gjekk Mattilsynet ut med forbod mot […]

Trusselen om fugleinfluensaen kjem stadig nærmare og før helga gjekk Mattilsynet ut med forbod mot utegåande fjørfe i fleire fylke, deriblant Rogaland. Martin Sævareid, som driv med konkurranseduer, er heldig, og slepp jobben som mange fugleeigarar har hatt.
— Duene er inne om vinteren uansett så det er ikkje noko problem. Når dei er inne her, er dei skjerma for alle ville fuglar, seier Sævareid om løa duene held til i.
Noko av det verste nå er utryggleiken. Ingen veit kor lang karantenetida vil bli. Og blir den langvarig, kjem det også til å gå utover duefolket. I april startar flytreninga for duene.
— Me slepper dei ut i byrjinga av april for å trena med dei. I midten av mai startar sleppsesongen. Dette er heilt klart ein nedtur for sporten vår som må ligga nede så lenge karantenetida varer, seier Sævareid.
Han er innstilt på at karantenen vil bli lang og meiner at ei karantenetid på eitt år vil vera det gunstigaste.
— Då har me noko å halda oss til. Det verste som kan skje er at me får karantene tre månader om gongen. Då kjem me til å fôra på masse duer som me ikkje kan bruka og då er me også inne på økonomiske spørsmål, seier Sævareid.
På grensa
Sævareid bur i Ølen berre nokre kilometer frå grensa til Etne og Hordaland, der forbodet om utegåande fjørfe ikkje gjeld.
— Eg trur det berre er eit tidsspørsmål før Hordaland blir tatt med. Så lenge ikkje alle fylka er involverte er ikkje beredskapen så høg. Nesten halvparten av duefolket bur i Bergen, seier Sævareid.
— Har du vurdert å kvitta deg med duene dine etter det som har skjedd den siste tida?
— Nei, eg har ikkje tenkt på det. Det er berre eit par dagar sidan me fekk pålegget, seier han.
Sævareid synest det er viktig å opptre lojalt overfor styresmaktene.
— Me er nøydde for å retta oss etter styresmaktene. Dette er noko alle som driv med fjørfe må løysa ilag. Det er ein strek i rekninga, men når det først er kome, må me ta det alvorleg, seier Sævareid.