Kan vere kappkøyring

Folk i huset trudde knapt sine eigne auge då bråket viste seg å stamme frå […]

Folk i huset trudde knapt sine eigne auge då bråket viste seg å stamme frå ein bil som låg på tvers på taket rett utanfor huset. Bilen stoppa fleire meter opp frå vegbana på E134.
Uhellet skjedde i 60-sona ein god kilometer frå Ølen sentrum i retning Ølensvåg.

Ulukkesgruppe
— Vi veit ikkje kva farten var, men det seier nesten seg sjølv at den må ha vore over fartsgrensa på strekninga. Førarkortet er beslaglagt og vidare undersøkingar vil vise kva som skjedde, og kor stor fart det er snakk om, seier politioverbetjent Arild Austrheim ved Vindafjord lensmannskontor.
Politiet kontakta ulukkesgruppa hos Statens vegvesen som gjorde undersøkingar for å finne ut kor stor fart bilen har hatt. Men svaret på målingane er ikkje klare enno.
Det vil også avgjere kor lenge sjåføren eventuelt vil miste førarkortet. Uansett er det politisak sidan det var personskade i ulukka. Dei involverte i ulukka var ikkje formelt avhøyrde av politiet på fredag.

Rundt fleire gonger
Ein 18-åring frå Etne, som ganske nyleg har fått førarkort, køyrde bilen, medan dei to passasjerane på om lag same alder er frå Etne og Tysvær. Dei kom seg ut av den flattrykte bilen ved eiga hjelp og alle tre vart sende til legesjekk.
— Dei er heldige som kom frå dette med mindre skadar. Det kunne like gjerne gått med liv, seier politioverbetjent Austrheim.
Bilen var ute av kontroll i om lag 50 meter etter ein sving, før den velta over og flaug opp i hagen. Vitne har forklara at bilen først velta rundt fleire gonger før den sklei ti meter på taket og stoppa.
Det er stor trafikk mellom Ølen og Ølensvåg, men ingen andre bilar var involverte i ulukka. Det var heller ikkje personar eller bilar i oppkøyrsla til huset.

Mogleg kappkøyring
Det var bar asfalt på vegstrekninga då ulukka skjedde rundt klokka 14.45 torsdag ettermiddag.
Vitne har forklart til politiet at dei vart forbikøyrde av to bilar i svært høg fart rett før svingen der bil nummer to kom ut av kontroll. Det var om lag 50 meter frå svingen og fram til der bilen fauk ut av vegbana. Og det var skrensespor på store delar av denne strekninga, og ulukkesbilen har også vore borte i støypekanten mot sjøen.
— Vi er kjent med at to bilar er nemnde, og vi vil undersøkje om det kan vere kappkøyring inne i bildet, seier Austrheim.
Lensmann Ingvar Gjærde håpar ulukka kan vere ei åtvaring til ungdommar som no er ute på snøfrie vegar. Han fortel om at det stadig kjem klager på bilar som køyrer fort, spesielt i og rundt Ølen sentrum.
— Vi har beslaglagt fleire førarkort i vinter, og det er ei kjent sak at fart blant yngre sjåførar er eit problem i dette området. Det er ein samlingsplass, og det går ofte litt fort, seier Gjærde.
Det er ikkje mistanke om at sjåføren var påverka av rus i den aktuelle ulukka.