Sidan oppstarten i 1992 er det utvikla eit stort nettverk, beståande av heile 50 såkalla economuseum i Canada. Mindre verksemder som framleis produserer varer etter sjeldan, og ofte utdøyande, handverkstradisjon, blir omdanna til eit slags museum, der besøkjande kan følgja heile produksjonsprosessen fram til det ferdige produktet.
Konseptet har i løpet av dei 16 åra vist seg å vera stor suksess «over dammen». Det har utvikla seg til å bli eit kvalitetsvaremerke med over 700.000 besøkjande årleg. Nå håpar economuseum-nettverket å få nord-europeiske verksemder med på laget. Noreg er først ut, og Johs. Lundal & Sønner ein av dei fem moglege kandidatane. Nå er det opp til kjøtprodusentane sjølv om dei vil satsa.
Tradisjon og handverk
Førre veke hadde ho besøk av ein delegasjon beståande av prosjektleiar Terje Inderhaug frå Hordaland fylkeskommune. Med han kom historikar Anette Friis Pedersen, arkitekt Roald Landøy, og ein av dei opphavelege designarane av prosjektet i Quebeck, Christine Valleè.
Alle er på ein rundtur for å kartleggja moglegheitene for konseptet på fem vestlandverksemder. Og turen til Teigland var obligatorisk, der omvising, noko historisk innføring og spekemat sto på menyen. I ei uimotståeleg spekelukt fekk dei fem orientera seg i lokala der prisvinnande åkrafjordpølsa, pinnekjøt og spekekjøt blir laga. Smaken, og lukta gjorde inntrykk, medan verksemda i seg sjølv oppfyller dei mange kriteria for å bli eit economuseum.
— Lundal er del av eit naturleg ressursgrunnlag, basert på naturlandskap og landbruk. Economuseum er også opptekne av å satsa på tradisjons- og familieverksemder som denne. Dessutan er det her tradisjonelt handverk som påverkar kvalitetsproduktet, ikkje industri, meinte Inderhaug.
Først ut med kjøt
Alt i 1870 reiste gründeren Johannes Lundal til Evanger og lærte kunsten å laga spekemat. Dette faget har overlevd i fem generasjonar på Markus og resulterer i dag som for nærare 140 år sidan, i den vidt kjende åkrafjordpølsa.
— Eit av måla ved prosjektet er å oppretthalda stadig sjeldnare handverk, og visa prosessen for fleire. I Quebec har mange små verksemder gjort stor suksess med dette prosjektet, der sjeldan og gammal handverkstradisjon med blant anna oste-, vin-, brød-, keramikk-, og papirproduksjon er opna for publikum, fortel Christine Valleè.
Men til nå er det ingen economuseum der kjøtvarer eller spekemat blir handtert. Lundal & Sønner kan difor bli den første.
Economusè-prosjektet arbeider nå med fleire land, og satsingsområdet er Nord-Europa, der gründerane bak varemerke vil grunnleggja 18 economuseum. Vidare er det Irland, Island, Færøyane som står for tur.
—God kandidat
Det er i alt fem norske tradisjonsverksemder som er plukka ut til å vera med på prosjektet. Fire av desse ligg i Hordaland, medan Aurland skofabrikk i Sognefjorden er det første norske economuseet, og opnar til sommaren. Prosjektleiar Inderhaug meiner det vil bli ei garantert suksesshistorie, og har også tru på verksemda i Åkrafjorden.
— Lundal er ein svært god kandidat. Men nå er det opp til dei sjølve om dei vil satsa på dette. Erfaring i Canada viser at konseptet har gitt god økonomisk utvikling for bedriftene. I løpet av det første året auka verksemdene omsetninga med 30 prosent, medan dei i løpet av ein treårsperiode auka med 80-90 prosent, seier Inderhaug.
Etter opninga på Aurland, er det to andre prosjekt for tur, deretter er det Lundal som står på lista. Nå må eigarane av familiebedrifta i Åkrafjorden ta eit val.