Kanonløp av Thomas Vestbø

Sandeid-løparen avgjorde sekundstriden med Eirik Lorentsen frå Inderøy til sin fordel. Thomas vann med fire […]

Sandeid-løparen avgjorde sekundstriden med Eirik Lorentsen frå Inderøy til sin fordel. Thomas vann med fire sekunds margin. I målområdet blei han møtt av jublande trenarar, sekundantar og treningskameratar. For Hovden skigymnas var Vestbø sin siger ei fin fjør i hatten. Det verka som hovudpersonen var meir avslappa. Vindafjord-løparen la ikkje skjul på at det var ein stor dag. Andreårsjunioren har vore i kjempeform dei siste vekene. Thomas hadde forhåpningar om å kjempe i toppen då han som siste startande gjekk ut i sporet. Allereie på den første sekunderingsposten fekk stortalentet beskjed om at han var heilt i ryggen på dei beste.
— Det er vanskeleg å setje seg konkrete mål framfor noregscuprenna. Det er ikkje så mykje som skil dei 30 beste. Du må ha ein bra dag for å lykkast i dette selskapet. Eg har i heile vinter sikta meg inn mot topp 30-plasseringar. I fristil har eg i dei siste renna vore i toppen. Har fortsatt mest å jobbe med i klassisk, sa han etter det historiske løpet. Etter fire kilometer fekk Thomas beskjed om at han var raskast av alle på det punktet. Motivasjonen steig nokre hakk då han tok fatt på dei seks siste kilometerane. På det meste var han 12 sekund framfor dei argaste konkurrentane. Mot slutten hadde han meir enn nok med å halde unna for Lorentsen.
Sprengkulde på søndag
— Eg var ikkje like pigg på dei siste kilometerane. Var spent på om det eg presterte ville halde. Forstod det ville bli siger då speakeren starta nedteljinga. På det tidspunktet hadde eg ikkje mange meterane igjen, sa den nybakte noregscupvinnaren. Han braut ein barriere på laurdag. Det blei også skrive lokal langrennshistorie. Thomas og Bjørnar Larsen har bevist at det er fullt mogleg å bli god sjølv om du kjem frå snøfattige Sandeid. Det same har for øvrig Chris Jespersen. Skånevik er heller ingen skimetropol. Trekløveret sine prestasjonar bør inspirere andre til å satse på langrenn. Bjønar Larsen var ein av dei første gratulantane på Røros.
— Det er berre å ta av seg hatten for det Thomas presterte i helga. Han gjekk rett og slett eit kanonløp. Eg gleder meg til å sjå han i norgescupfinalen i Vadsø, sa Larsen til Grannar. Han kunne reise heim med sjette- og sjuandeplass. I seniorklassen gjorde Chris Jespersen ein flott figur.
Sprengkulda var det store samtaleemnet på Røros søndag. Gradestokken viste mellom 30 og 34 grader søndag morgon. Det førte til at starten blei utsett i nokre timar. I tillegg blei distansane forkorta. Det med tanke på at belastninga skulle bli mindre. Bjørnar Larsen var ein av dei som takla best å gå i sterk kulde.