Kaos på camping

Ein campingvogneigar og ein nabo til Vikedal camping, som Grannar har vore i kontakt med, […]

Ein campingvogneigar og ein nabo til Vikedal camping, som Grannar har vore i kontakt med, er ikkje nøgde med forholda på Vikedal camping. Campingvogneigaren, som vil vere anonym, har vore trufast ved campingplassen i mange år, og synst det er trist at spesielt nye tilflyttarar ikkje fylgjer reglane og bygger store trekonstruksjonar som plattingar, leveggar, og bodar eller små hus rundt vognene sine.
— Det er brot på bygningslova, meiner campingvogneigaren som har varsla kommunen på telefon og gjennom mange skriv, utan resultat.
— Me som held oss til regelverket er frustrerte, legg han til og nemner at folk har sagd ned tre for å få plass til trekonstruksjonar rundt vognene sine. Campingvogneigaren seier han har vore i kontakt med andre på campingplassen, samt bygdefolk, som òg er misfornøgde.

Rett og slett stygt
Eli Opsal er nær nabo til Vikedal camping.
— Det ser rett og slett stygt ut, seier ho om campingplassen der bygging har pågått seint om kveldane.
— Det som har irritert meg forferdeleg, er den bygginga seint på kvelden og på helligdagar, seier naboen som har klaga til drivar Alice Kathrine Grimås Mikkelsen.
— Eg ringte ned klokka tolv om kvelden ein gong då eg ikkje fekk sove på grunn av banking, og då visste ho ikkje ein gong om noko bygging, seier Opsal.
Ho har aldri fått varsel om nybygging sjølv om ho bur rett ved sida av campingplassen. Ho vil likevel påpeike at det er ein roleg campingplass elles, og at ho har hatt god dialog med Mikkelsen.

Har ikkje tid
Trass klager, har ikkje Vindafjord kommune vore på Vikedal camping. I følgje rådgjevar i planavdelinga, Sissel Årvik, er dei oppmerksame på problemet, men har ikkje hatt tid.
— Me har tenkt å gjere noko med det, men me har ikkje kome så langt, seier Årvik som heller ikkje har noko reguleringsplan for campingplassen å vise til.
— Reguleringsplanen skulle etter planen vere ferdig i mai 2005, men me har ikkje hatt kapasitet nok, seier ho, og legg til at han ligg i køen av planar, og at målet er å få han ferdig i løpet av året. Sjølv om alle skal søke om å bygge, veit Årvik at dei ikkje gjer det.
— Dei gjer nok ikkje det, men ein manglande reguleringsplan er ingen unnskyldning, seier ho.
Årvik vil likevel ikkje varsle noko konkret tiltak som vil bli gjort mot dei som har bygt ulovleg, når reguleringsplanen endeleg kjem i orden.
— Det vil bli gjort konkrete vurderingar då, meir kan eg ikkje seie, men me er ikkje nøgde med slik det er, avsluttar ho.

Ventar på reglementet
Alice Kathrine Grimås Mikkelsen som driv campinga synst det er trist at bebuarane ikkje kjem direkte til henne med klager.
— Eg forstår ikkje kvifor dei ikkje kjem til meg. Hadde dei gjort det, ville dei visst at eg gjorde noko med problemet, seier Mikkelsen.
Rett før påske stogga ho nyinnflyttarar som heldt på å sage ned eit tre. Likevel innrømmar ho at ikkje alle spør før dei bygger og at dei ikkje blir stogga.
— Det er så masse byggelydar at ein reagerer ikkje lengre, det kan vere folk som reparerer gamle plattingar og leveggar, seier Mikkelsen, men viser til reglar på areal.
— Me har reglar på 15 km2 samla tak, slår campingplassdrivaren fast, og legg til at reguleringsplanen er noko dei ventar på.
— Då blir det likt for alle, seier Mikkelsen.

Ingen brannfare
Mange av trekonstruksjonane på campingplassen står veldig nære kvarandre og her seier brannlova ein avstand på minst tre meter mellom bueiningane, men Mikkelsen er ikkje bekymra for brannfaren.
— Eg har god dialog og samarbeid med branningeniøren Jørgen Hopland, seier ho.
Hopland sjølv avviser brannfare og meiner trekonstruksjonane er ei sak for bygningsvesenet.
— Me hadde branntilsyn førre sommar og då var alt greitt, seier Hopland, sjølv om nokre av konstruksjonane på campingplassen står heilt klin i kvarandre.
— Terrasser brenn sjeldan då dei er nede på bakken. Me ser på avstandane mellom husvogner, campingvogner og trehytter når me gjer tilsyn, seier han.