Kasta til gull og sølv

NM par og NM mix i hesteskokasting gjekk av stabelen på Reed stadion i Breim […]

NM par og NM mix i hesteskokasting gjekk av stabelen på Reed stadion i Breim i Sogn og Fjordane første helga i juli. Med nærare hundre påmelde frå hesteskoklubbar over heile landet, var dei beste samla til konkurranse. Johan og Anne Grete Straumsøy er to av dei lokale som kastar for Stord Hesteskoklubb. Etter å ha sigra over Anne og Tor Ola Lundsbakken frå Vallset HK i finalen, kunne dei reise heim med gull i baklomma og kalla seg Noregsmeistrar. Johan Straumsøy konkurrerte også i herreklassen der han gjorde det nesten like godt. Saman med Annar Westerheim frå Sagvåg tapte han finalen mot Alf Lindal og Per Dalheim frå Sørlandet, og fekk dermed sølv.
Hesteskokasting er ikkje den mest publikumspopulære sporten, men dei ivrigaste frå Gloppen og Jølster hadde møtt opp. I tillegg kom det folk frå Austlandet og Vestlandet.