Katten herjar i atelieret

Dokumentasjonen er grundig, men spørsmålet om kunstforfalsking er like gammal som kunsten sjølv. Tretti arbeid […]

Dokumentasjonen er grundig, men spørsmålet om kunstforfalsking er like gammal som kunsten sjølv. Tretti arbeid frå Felix Fiigenschou si hand, skisseboka hans med diverse notat, og ein utstillingskatalog med historier frå livet til Fiigenschou, ført i pennen av katalogør Jan Terje Rafdal. Med den presise tittelen «Eit liv som katt 1628 – 1633».
I denne katalogen er det også utdrag frå Fiigenschou si dagbok. Alt dette blir det utstilling av.
Komplett i Haugesund
— Eg får vere open for det som kjem. Eg ser i alle fall ein konsekvent logikk i utstillinga, svarer Jan Terje Rafdal på spørsmålet om han er førebudd på spekulasjonar om at det heile er forfalsking, dikt og fanteri. Tre års nært samliv med figuren Fiigenschou har skapt ein smule uklare grenser omkring Rafdal sine roller i Fiigenschou sitt kunstnarliv.
Etne-kunstnaren som er sentral når utstillinga til Fiigenschou opnar i Haugesund Kunstforening den 8. mai, vil i første omgang la dei dokumentariske leivningane etter 1600-talsmålaren og katten Felix få møte sitt publikum.
Det er 33 såkalla objekt som blir presenterte i kunstforeininga om ein månad, der hovudtyngda er 30 måleri, teikningar og grafiske arbeid. For å gjere lista komplett kan ein også nemne ei rekkje sølvmyntar som vart funne i Kjell Olav Dahls gate i Oslo i 1968 saman med andre av Fiigenschou sine etterlatensskapar.
At det i nyare tid vekte forundring at ein ung mann dukka opp hos Brødrene Lohne Sølvvarefabrikk i Bergen med dyriske skisser som han ville lage sølvpengar av, blir ikkje sett i samanheng med funnet i Oslo. Alt i følgje Rafdal.
I bokbad
I går var Jan Terje Rafdal på Stord for å inspisere trykkinga av katalogen som nærmast er å sjå på som ei bok med sine 160 sider. I slutten av april skal forfattaren i bokbad hos Norli bokhandel i Haugesund. Og same dag blir opplaget på tusen katalogar lagt ut hos utvalde bokhandlarar på Haugalandet.
— Blir katalogen godt mottatt ser eg ikkje vekk frå at eg vil lage ei andre utgåve, ei vanleg bok som ikkje er bygt opp som ein katalog. Det er mange historier om Felix Fiigenschou som ikkje er fortalde enno, og dei ligg og ventar, seier Rafdal.
Med den omfangsrike teksten er det ingen vanleg utstillingskatalog han gjorde ferdig finpussen på tidlegare i veka. Kattemålaren Fiigenschou har bruk for eit bakteppe i møtet med publikum.
Intenst
— Det blir litt som katteelskarane sitt svar på «Da Vinci-koden». Det kjem fram samanhengar som ikkje har vore kjende før. Den nye kunnskapen om kattane er nesten ei total omskriving av både kunst- og verdshistoria, rett og slett eit paradigmeskifte. Det var eit katteherredømme, forklarer Rafdal.
Eit katteliv er så mangt. Rafdal har levd som kunstkatten sitt alter ego i tre år, det siste året intenst for å få alle brikkene på plass.
Om Fiigenschou ikkje er ei avsporing i karrieren til Rafdal, så vedgår han at det har vore eit svært arbeidskrevjande sidespor.
— Eg er mektig lei og det har tatt utruleg mykje tid det siste året. Men det er mottakinga av utstillinga som blir det avgjerande for meg, og katalogen sjølvsagt. Det er då angeren kan kome fram i så fall. Men eg veit det er ein del interesse for denne utstillinga.
— Det heile starta som ein spøk, og det utvikla seg til eit omfattande materiale eg kunne hente opp, forklarer han.
Han avviser at det er noko samband mellom Felix Fiigenschou og Elias Fiigenschou. Sistnemnde er Noreg sin første kunstmålar, og han laga det første norske landskapsmåleriet, av Halsnøy kloster.
Humorblikk
Fiigenschou er identisk med portrett, og uttrykket går frå renessanse til nasjonalromantikk. For Rafdal kom det ikkje heilt overraskande at det er Fiigenschou som først måla Brureferd i Hardanger som eit kattemotiv. Tidemann og Gude laga kopiar i fire versjonar etter det kattehistoria fortel.
Jan Terje Rafdal sit krumbøygd i atelieret over eit måleri med ein nesten tørr pensel i handa. Det skal vere provet på at han utelukkande har restaurert arbeida til Fiigenschou.
Historia om katten frå 1600-talet er presentert for eit filmselskap, og dukkar det opp nok pengar, er det ikkje utelukka at det kan bli film av ho. Humorblikket til Are Kalvø har vore konsulent for Rafdal i arbeidet med teksten om Fiigenschou.