Kinobesøket gjekk ned

Den generelle nedgangen i kinobesøket på landsbasis ligg på fem prosent, men det er kinoar […]

Den generelle nedgangen i kinobesøket på landsbasis ligg på fem prosent, men det er kinoar som har hatt ein nedgang på heile 30 prosent det siste året. Stord Kino hadde 20 prosent færre innom dørene i 2005, så då er ein nedgang på fem prosent å leve med, meiner kinosjef Berit Rafdal ved Etne Kino.
— Nedgangen starta faktisk i desember i 2004. Våren og sommaren 2005 var heller ikkje god. Det var først nå i haust at storfilmane kom, og var med og gjorde statistikken såpass god, seier Rafdal.
— Kva var grunnen?
— Det var for dårlege filmar. Når dei gode filmane kjem, går besøkstalet opp. Det er kanskje litt rart, men folk liker det same kor i landet dei bur. Går ein film godt i Oslo, går han godt her også. Slik er det også med dei dårlege filmane, har få sett filmen før han kjem hit, blir det ingen publikumsfilm her heller.
— Er det likt med utanlandske filmar også, at om dei går godt i til dømes USA så går dei godt her i landet?
— Nei, slik er det ikkje. Vi er nok ikkje så amerikaniserte endå. Ein film med gode kritikkar i USA, treng ikkje bli nokon fulltreffar her i landet.
Berit Rafdal fortel at når filmfolk samlast, er det ikkje like lett på førehand å seie kva som vil slå an.

Ti på topp
Berit Rafdal er glad for at kvalitetsfilmar som «Der Untergang», «Alt for Norge» og «Så som i himmelen», vart sett av mange.
Det har vore tre noregspremierar ved Etne Kino i 2005: «Harry Potter og ildbegeret», «Izzat» og «Robotene».