Kiwi veks ut av lokala

Butikksjef Frode Berge ved Kiwi i Ølensvåg fortel at frå butikken opna i april i […]

Butikksjef Frode Berge ved Kiwi i Ølensvåg fortel at frå butikken opna i april i 2000, har omsetnaden auka frå 17 millionar kroner første året, til nå nærare 30 millionar.
Arbeidet med eit tilbygg på 200 kvadratmeter er i gang, noko som blant anna skal gi vel 100 kvadratmeter større butikk. Resten av det auka arealet skal brukast til blant anna lager og kontor.
— Kundemassen og omsetnaden har auka år for år, og nå treng vi meir plass. Tilbygget vil gi oss både større butikk og meir lagerplass, og på same tid også eit kjærkome ansiktsløft i butikken, seier Frode Berge.

Nye Kiwi
— Blir det store endringar?
— Vi skal ominnreie og oppgradere til «nye Kiwi». Noko som vil seie at vi får større breidde på fleire varegrupper. Kva varer veit vi ikkje endå, men det vil bli plass til meir av det friviljuge assortimentet. Det meste av vareutvalet her blir jo avgjort sentralt, men det vil også bli større utval av både regionale og lokale varer, fortel han.
— Blir det fleire tilsette i ein større butikk?
— Omsetnaden avgjer kor mange tilsette vi må ha. I dag har vi fire årsverk fordelte på deltidsstillingar og det har vore nok, men dette må ein sjå an etter kvart, seier Frode Berge.

Ferdig i september
Kiwi leiger lokale av Ole Martin Berge, og det er han som står for utbygginga.
Ole Martin Berge fortel at andre etasje av nybygget skal leigast ut, men at det ikkje er avgjort kven som skal leige den etasjen endå. Han reknar med at nybygget skal vere ferdig i september i år.
Det er Berge Sag og Trelast som utførar arbeidet.