Kjære alle etnebuar

Etne omsorgssenter skal no spara pengar. I dag får pasientane nykokt og god norsk mat […]

Etne omsorgssenter skal no spara pengar. I dag får pasientane nykokt og god norsk mat kvar dag frå eit dyktig kjøkkenpersonale. Den nye kjøkendrifta, som er eit sparetiltak, blir no frå måndag til fredag på dagtid. I helgane skal pleiepersonalet laga alle måltida som også inneber at dei må varma opp middagane til alle pasientane. Dette fører til at pasientar og pleiepersonalet kvir seg til helga.
Vil me som etnebuar ha det slik i framtida? Er det for seint for politikarane å snu i denne saka? Me føreslår at kjøkkenet skal vera i bruk kvar dag på dagtid, slik at pleiepersonalet får gjera den jobben som dei er utdanna til og pasientane får nykokt middag kvar dag.

Helsing fortvila pårørande
Anne Synnøve og Njål Grindheim
Bjørnhild og Olav Sørheim
Ingunn og Sveinar Kringlebotten
Margit og Arne Markhus
Astrid Rullestad