Kjem med ny kyrkjehistorie

Boka skal ut i samband med haustens 150-årsjubileum for kyrkja i Vats. — Vats kyrkje […]

Boka skal ut i samband med haustens 150-årsjubileum for kyrkja i Vats.
— Vats kyrkje er ei typisk vanleg bygdekyrkje frå 1850-åra, teikna av slottsarkitekten Linstow, opnar Østrem, historikar og redaktør for boka som samlar i seg artiklar frå fleire forfattarar.
Det har blitt ein tradisjon i Vatsbygda å lage eit skrift ved kvart kyrkjejubileum, men denne gongen blir det ekstra omfattande. Østrem har jobba i eitt år med boka. Med seg på laget har han fått både lokalhistorikarar og folk i kyrkjelyden i Vats, i tillegg til forskarar ved Norsk Institutt for Kulturminneforsking. Østrem kallar denne koplinga med fagfolk for eit eksperiment. Alt frå ny fagkunnskap til minnestoff, historier fortalde av dei gamle i bygda, og eit rikt bildemateriale, skal vere med på å gje boka spenn og mangfald.

Radikale kvinner
Østrem skriv sjølv fleire av artiklane i boka. Han kjem mellom anna med eit stykke radikal kvinnehistorie når han skriv om dei kvinnelege predikantane på Svantesvoll i Vats.
— Eg har ein kollega som jobbar med haugianismen, og han meiner Skjold og Vats var ein arnestad for trusretninga, seier han.
Østrem meiner det er grunn til å tru at Svantesvoll var eit regionsenter for haugianismen tidleg på 1800-talet. Kvinnene på Svantesvoll forkynte trua, og brydde seg lite om biskopen sitt forsøk på å slå ned på denne typen aktivitet. På midten av 1800-talet skjer det ei endring. Det religiøse livet i bygda blir meir konservativt, og då er det ut med kvinnene. Det strenge religiøse særpreget som legg seg over bygda, meiner Østrem har halde seg fram til i dag.
— Me finn framleis trekk av ei streng religiøs haldning, slår historikaren fast.

Siste kunstverk
Kunsten i Vats kyrkje er også tema i boka. Målerikonservator Tine Frøysaker tar for seg kunstnaren Gottfried Hendtzschel sine verk i Vats kyrkje.
— Ho har ei interessant tilnærming, fordi ho er opptatt av at maleria har levd ei historie. Ho finn igjen penselstroka til Hendtzschel i måleria, i tillegg til at ho ser på korleis dei har blitt konserverte, framhevar redaktøren.
I artikkelen ho skriv opnar Frøysaker for at altertavla i Vats kyrkje, som er frå 1639 til 1646, kan vere det siste kjende verket frå målaren i Noreg.
Ho er også innom det spesielle epitafiet i kyrkja: Eit epitafium er ein minnestein over ein avdød – i Noreg er det som oftast av tre.
— Det spesielle her et at det viser bønder, seier Østrem og peikar.
Han forklarer at motivet i Vats kyrkje viser ein mektig bondelensmann i Stokkadalen på første halvdel av 1600-talet. Kona Brønla fekk 28 barn. Alle ungane er avbilda på epitafiet, men berre ni av dei voks opp.

Kyrkja på Åm
Manuset til boka er så godt som ferdig, men det står att noko arbeid med innsamling av bilde.
— Det blir ganske mykje bilde i boka, forsikrar Østrem.
Han lovar ein god del nytt og interessant stoff i forhold til det som har vore skrive om før. I tillegg til det han alt har vore inne på, trekkjer han fram Jan Brendalsmo, som diskuterer kvar kyrkja på Åm stod, og kva utstrekning den sentrale Åm-garden hadde i middelalderen. Ein artikkel av Arvid Lillehammer går tilbake til førkristen tid, der han mellom anna tar opp eika – som var eit heilagt tre før i tida. Han viser korleis namnet eik går igjen i mange stadmann i Vats i dag. Leif Torstveit fortel om korleis det var å kome seg til kyrkja før i tida frå Stokkadalen og Tørsdalen. Ein annan artikkel tar for seg dei gamle messehaklane i kyrkja, og det blir sannsynleggjort at den eldste er frå 1686.

Faste plassar
Det er også med ei liste over kvar dei tidlegare slektene i Vats hadde sine sitjeplassar i kyrkja.
— Bøndene skulle sitje etter storleiken på gardane, og etter kva dei betalte i tiend (skatt). Galleriet heilt framme i kyrkja var den staselegaste plassen. Der sat lensmann Jakob Pedersen Engesdal, seier Østrem.
Historikaren sjølv skriv mellom anna om mannen som bygde kyrkja i Vats – Jan Olsen Bakken frå Kårhus – og hans tragiske livslagnad.
— Han var einaste registrerte kvekar i Vats, men det fanst også ein gjeng kvekarar i Skjold, fortel historikaren, som interesserer seg for dei ulike trusretningane og mangfaldet i kristenlivet som fanst i området før i tida.