Kjempa og vann

4. div menn avd. 02 Vats94-Leirvik (3-1) 5-4 1-0: 7 min. 2-0: 10 min. 2-1: […]

4. div menn avd. 02
Vats94-Leirvik (3-1) 5-4
1-0: 7 min.
2-0: 10 min.
2-1: 20 min.
3-1: 30 min.
3-2: 48 min.
4-2: 60 min.
4-3: 65 min.
5-3: 70 min.
5-4: 89 min.
Dommar: Lars Spanne, Vard
Gule kort: Morten Frøland og Anders Svantesvold
Leirvik: To gule kort.

Det var inga lett oppgåve som venta Vats94 då dei møtte tabelltopp Leirvik på Vats stadion fredag kveld.
Leirvik ville vinne, det viste dei heilt frå avspark. Dette understreka dommar Lars Spanne frå Vard etter kampen.
— Ja, dette var ein tøff kamp, både på grunn av den glatte banen og at Leirvik hadde bestemt seg for å vinne kampen. Men eg har dømt fotball i 20 år og tolar ein del, sa han.
Målfest
Den våte banen gjorde at det ikkje alltid var like lett å finne fotfeste, men likevel fann ballen mål heile ni gonger denne kvelden. Etter berre sju minuttar sende Robert Nordtveit ballen i mål etter ein daudball. Så berre få minuttar seinare la Kjetil Ohm ballen inn frå venstre side og Inge Hansen hadde berre å skli ballen inn frå bakerste stolpe.
Ti minuttar seinare utlikna Leirvik, og gjestane fekk nytt mot. Men så i 30. minutt, etter ei keeper tabbe, skaut Inge Hansen ballen rett i mål frå 16 meteren, og Vats kunne gå til pause med ei leiing på 3-1.
Etter pause vart det verkeleg kamp på banen, Leirvik ville vinne og scora etter tre minuttar ut i andre omgang. Kampen hardna til, heimelaget auka til 4-2 etter ei kontring ved Joakim Frøland, og få minuttar seinare scora Leirvik. Men heimelaget gav seg ikkje og etter ei kontring scora Kjetil Ohm og laget leia 5-3. Leirvik kjempa nå febrilsk vidare, og scora i 89. minutt, men måtte til slutt sjå seg slått av kampglade vatsbuar.
Laginnsats
Trenar Harald Frøland fortel at laget mangla ein del spelarar fredag, særleg i midtforsvaret, men takka vere god laginnsats gjekk det bra.
— Særleg første omgang var veldig god, då fungerte spelet godt. Andre omgang vart tøffare, særleg mot slutten. Vi kjempa verkeleg dei siste 20 minuttane, seier han, og er imponert over spelarane sine. Han nemner særleg Robert Nordtveit som storspelte.
Men Frøland og laget hans kan ikkje kvile lenge på lauvbærene.
— Det er tre vanskelege kampar framover. Vi må ha minst tre poeng til for å vere på den sikre sida. Både Åkra som vi skal møte om 14 dagar, Skjoldar som vi bruker å ha problem med og Haugar til slutt, er vanskelege motstandarar, seier han.