Kjempar for E134

Arne Frøkedal Nå går Haugesundregionens Næringsforening, L0 i Haugesund og Omland og Destinasjon Haugesund og […]

Arne Frøkedal

Nå går Haugesundregionens Næringsforening, L0 i Haugesund og Omland og Destinasjon Haugesund og Haugalandet ut med ein sterk uttale der det heiter:
— Me har med bekymring registrert signal om at Vestlandet, og særleg Rogaland/Hordaland, kjem dårleg ut når det gjeld prioritering av samferdselsprosjekt i NTP.
Me finn grunn til å understreka at det vil vera eit kraftig tilbakeslag for fylka dersom verken Rogfast eller E134 blir gitt prioritet, og om all satsing på framtidsretta høgfartstog skal skje på Austlandet.

Lønsamt
I uttalen viser dei tre organa på Haugalandet til at bygging av Rogfast og nye tunnelar langs E134 vil gi auka moglegheiter for ein del av Vestlandet som i dag lir under mangelfull infrastruktur. Rogfast er i ein fersk rapport frå Econ Pøyry klassifisert som eit samfunnsøkonomisk lønsamt prosjekt. Det vil korta reisetida mellom Haugesund og Stavanger betydelig og gi grunnlag for ein felles bu- og arbeidsmarknad i regionane.

— Tunnelprosjektet Seljestad-Valldalen-Ulevå langs E134 (også kalla Dei grøne tunnelane) vil bidra til ei kraftig innkorting i reisetid, ei betydelig miljøbetring og gi næringslivet i regionen auka forutsigbarhet og konkurransekraft.
Me føreset at våre styresmakter ser til at denne regionen får sin rettmessige del av vegløyvingane i komande NTP-periode, skriv dei tre organa i uttalen.