Kjempe fall for saga

Christian Bull Tornøe meiner dette er den største edelgrana her i landet. Det står ei […]

Christian Bull Tornøe meiner dette er den største edelgrana her i landet. Det står ei liknande gran igjen på eigedomen hans.
— Begge desse trea, pluss ei douglasgran er kandidatar for freding, seier han.
På spørsmål om kvifor han felte eit slikt stastre, svarer han at det skygde for sola.
Det er tømmermeister Arne Ivar Stødle som tok den største saga si med eit sagblad på 1,5 meter for å få felt det store treet. Med god hjelp av traktoren som har radiostyrt vinsj gjekk grana i bakken med eit enormt drønn.
— Då treet nådde det ulendte terrenget på bakken knakk ho, fortel dei.

20 tonn
Stødle fortel at det er tre år sidan han fekk utstyr til å felle skog. Han har tipp topp utstyr til dette arbeidet, som ikkje minst krev skikkeleg planlegging for å lukkast. Men på to timar hadde han felt edelgrana hos Bull Tornøe, som han trur veg omlag 20 tonn med greinene.
— Treet fall på fjerde forsøk. Eg prøvde først å bruke ei sag med eit sagblad på 95 centimeter, men det vart for lite. Difor måtte eg ta i bruk den største saga med sagblad på 1,5 meter, fortel han.

Til bord
Det 100 år gamle treet er ikkje rote i det heile. Sårflata etter saga viser frisk fin ved, med eit felt i midten på ein meter med flott adel.
Arne Ivar Stødle vil lage bord av det fine trevirke. Her kan det bli snakk om både langbord og runde bord. Men først skal treet kappast i seks meter lange lengder og fraktas på traktor, om traktoren greier det då, seier han.