Dette er største deltakartal på mange, mange år. Spesielt gledeleg var det at så mange vaksne prøvde seg. Det er og kjekt for dei yngste at mor og far eller tante og onkel er med på det same som dei. Sjølv fekk eg oppleva to 6-åringar som kom heim og stolt viste fram for far sin skeia som alle dei små fekk i premie.
Underskrivne la spesielt merke til Pawel Blaszkiewicz, bonde på Sandvik. Han hoppa særs bra i lengde utan fart, godt norsk nivå. Det var nokre som hoppa lengre, men Pawel hadde aldri prøvd dette før, og formeleg flaug over matta.
Skånevik IL har all æra av tilskipinga. Vaflar, saft og kaffi gjekk unna i rekordfart, dei hadde visst aldri selt så mykje. Premie til alle dei yngste, og smilande andlet over alt. Etne IL er neste arrangør i gymsalen på Enge fredag 11. februar før IF Klypetussen avsluttar med meir mat og premiar fredag 4. mars på Sævareid skule.
Gisle Sellevold
Kjempeoppmøte på kommunal hoppcup
Dette er største deltakartal på mange, mange år. Spesielt gledeleg var det at så mange […]