Kjøkkendrifta i Etne

Det er 25 personar som bur her eg bur. Mange må få mat på rommet, […]

Det er 25 personar som bur her eg bur. Mange må få mat på rommet, og dei som skal til bords må dei trilla. Mange må dei også hjelpa til å få mat i seg. Det skulle heller vore fleire her og stelt oss.
Eg høyrer at kommune skal spara inn, men kvar blir det av pengane. Det er mange andre plasser dei kunne spara. Ein kan ta for eksempel på Meieriplassen, der gjekk det mykje unødvendige pengar. Og likeeins med ordføraren som er mykje ute og reiser, der går òg sikkert mange pengar. Det hadde vore betre han hadde vore på rådhuset og passa jobben sin. Eg hugsar Gjest Bårsen. Han tok frå dei rike og gav til dei svake. Me skulle hatt ein slik Gjest.

Sina Hardeland