Kjøper for å utvikle

Salet av det 850 kvadratmeter store bygningen inneber at banken går over frå å vere […]

Salet av det 850 kvadratmeter store bygningen inneber at banken går over frå å vere eigar til å bli leigetakar. Til eigedomen høyrer også ei fem mål stor tomt.
— Me har seld eigedomen, men me har ikkje planar om å leggje ned banken, poengterar Karsten Sørli, banksjef i filialen i Isvik.
Banken har så langt skrive leigeavtale med den nye eigaren for ti år fram i tid.
— Me har tidlegare leigd ut lokale til kontor her, men det er vekke no. Me ønskjer heller å konsentrere oss om å drive bank, og ikkje vere både eigar og utleigar, held Sørli fram.

Vil leige ut
Tidlegare kommunelege og ekspolitikar Terje Kleiven jobbar no som fastlege i Skjold, der han også bur. Han vedgår at han hadde sysla med tanken om å kjøpe eit næringsbygg i Skjold sentrum ei tid, då han fekk tilbodet frå Haugesund Sparebank. Seks millionar kroner blei prislappen på eigedomen. Kleiven opplyser at han frå før ikkje eig andre næringsbygg.
— Kva for planar har du med kjøpet?
— Førebels blir det berre å drive den drifta som er der, svarar han.
Når det gjeld dei kontorlokala som står tomme, seier han at han har vore i kontakt med leigetakarar som kan vere aktuelle. Dette er førebels for usikkert til at han vil røpe noko om kven dette er.

Utvikle sentrum
— Kva motiverte deg til å kjøpe eigedomen?
— Me har tankar om å få til noko meir aktivitet i sentrum, kanskje i samarbeid med andre aktørar her, held Kleiven fram.
Planane er ennå svært vage og berre på idéplanet, og Kleiven har ikkje noko meir han vil konkretiserer kring dette no.
Banksjef Sørli opplyser at huset blei bygt i 1981, og at det har vore i Haugesund Sparebank sitt eige sidan den gong.
Kleiven meiner eigedomen ligg gunstig til med plassering rett ved E134, der det passerar bilar heile tida.
— Det burde gå an å få fleire folk til å stoppe her, meiner han. Dei nye eigarane ser potensiale i Skjold sentrum, og ønsket er på sikt å få til ei eller anna form for utvikling der.